Gamlevegen.

Haldis ,Linda, Anne Helene, Bodil, Siw, Torine, Hilde,

Marit, Alvhild, Ruth, Roy, Bente, Kari og Helga. 

Før vi starta på Villane såg vi regnet sto i Snøhornet, skal tru.....

001

Kan hende byga vil gå innover dalen og vi går klar, kansje?

004

Uansett, vi starta med friskt mot og lette klede.

005

Dansande baktropp, og ein kar i flokken, Roy.

006

Godt driv framover vegen, tørt og fint å gå.

010

Hegga blomstra og det lukta godt framover heile Gamlevegen.

012

Liten stopp ved "raudehytta" med Rekkedalgardane i bakgrunnen.

014

Helga og Ruth i godt prat, sjeldan har vi vel gått Gamlevegen med slike grøne attelege og skog, gjødslinga er for lengst ferdig og det er like før slåtten må starte.

015

Marit, Anne Helene, Hilde og Bente løyser verdsproblem.

016

Turen går vidare, friskt tempo.

017

Ved Rekkedal kom Torine og Siw hoppande på ,  dei rakk både skuleframvisinga og måndagstur, snakk om god logistikk.

018

So kom sjølvsagt regnbyga, her er det berre å skalke jakker og hettene kom på.

019

Det var ikkje så gale, litt regn tole vi godt.

020

Under granene er det tørt.

021

Her skulle vi ha eit hoppebilde, men ikkje ei sjel letta frå bakken,

Torine ser fortvilt på oss og anar håpløysa.

022

Roy, Torine og Siw heldt teten.

023

Byga sig nedover dalen så vi merkar det letta.

025

Fellesbilde på vaklande brukant, ja det var kameraet som vakla, folket sat trygt.

026

Helga, Haldis, Anne Helene og Ruth vinka adjø og snudde her.

027

Hilde var i tvil, skal eg snu- nei- eg går vidare, og vidare gjekk vi.

028

Hestane kika forundra på oss, og vi på dei.

029

Ola kom ut på verandaen og heia på oss.

030

Sjeldan så tørt som i år, til og med på det våtaste partiet.

031

Linda og Roy, litt våte i håret men det tørka raskt i varmen.

032

Blomstrande blåpute i solveggen på Tvergrova,

Alvhild, Marit, Kari og Bente blomstrar også.

033

Nyestova på Tvergrova er snart innflyttingsklar.

035

Idyll på Gamlevegen.

036

Spreke damer.

037

Torine og Roykikar på den meteorlogiske steinen.

043

Hilde og Linda kikar også, forundra og artigt.

042

Grei melding.

040

Torine kjende att vegen til Bondalseidet då vi kom fram, litt finstudering av blåbærlyngen hadde vi og, det vert nok bær sjølv om mykje er vekksvidd.

041

Fellesbilde ved vegen til Skisenteret.

Bak ser du asfalten på den nye vegen.

044

Her var ikkje så fristande å ta kveldsbadet nei,

Marit meinte det var ho som hadde bada der sist, Torine tvilte på det.

013

Kari den mesttrufaste av deltakarane våre.

-Kvifor går du på Måndagstur Kari?

- Det er kjekt , og sosialt.

-Kva er favoritturen av måndagsturane?

- Storenakken og Gunnar-råsa? eller Høgereset kansje?

-Kvar går ferien i år?

-Fottur i Trollheimen i lag med slekt og vener, ein fast gjeng.

Dette gler vi oss til å høyre meir til kari.

046

Vegen tilbake går lett og raskt.

049

Lerka er full av konglar i år.

050

På heimveg fekk vi helse påein liten svart hund som ville fortelje oss noko.

051

Den siste biten med vakker fjellpanorama.

Takk for laget.

Neste tur er Frølandsetra.

VEL MØTT!