ÅRSMØTE I HJØRUNDFJORD KULTURVERNLAG.

Knut Riise fortel frå Antarktis.

Sist vinter var Knut i lag med kona Helga og eit vennepar på tur til Antarktis med Hurtigruta. i kortversjon reiste dei frå Argentina, via Falklandsøyane, Sør-Georgia til fastlandsisen vidare via Chile og heim.

Mange vakre bilete.

Vi som er heldige nok til å verte venn med knut på Facebook, har alt fått eit lite inblikk i turen via biletsnuttar og korte forteljingar. På årsmøtet til Hjørundfjord kulturvernlag fyrstkomande sundag, på Bondalen grendahus vil Knut og Helga fortelje og syne mange flotte bilete frå Antarktis. Denne reisa dei tok er det ikkje så mange her i området som har fått oppleve i verkelegheita. Difor er det ekstra kjekt at dei vil dele si erfaring og opplevingar med oss.

Historie, geografi og dyreliv.

Dette vert ein historie og geografitime som vil passe alle som likar å høyre om fjerne strok. Knut og Helga er  begge ivrige tur og fjellfolk. I tillegg er dei bønder. Dei vil nok fortelje om Antarktis frå fleire vinklar. Dette vert spennande. Vi vonar mange finn vegen til Bondalen grendahus sundag 18 mai kl 1900.

Nytt prosjekt for kulturvernlaget.

Hjørundfjord kulturvernlag har siste året jobba mest med å prøve å skaffe midlar til restaurering av det neste store prosjektet. Restaurering av Stavset internatskule. den er ein av to skular som framleis står, bygde for om lag hundre år sidan, fordi borna måtte flytte heimafrå som sju-åringar for å gå på skule fordi skulevegen var for farleg, eller fordi det mangla vegar. Skulen er ein del av vår nære historie og bør takast vare på for komande slekter. Den andre internatskulen ligg i Mjøsvatn i Vest- Telemark.

Hjørundfjord kulturvernlag er no i mål med sin del av restaureringa på Bakketunet på Bjørke. Ellers er der fleire mindre restaureringsprosjekt vi håper å ta fatt på.

Kulturvernlaget spanderer kaffi med noko attåt

Synnøve Hill 

-styreleiar-