Årsmelding Sæbø Idrettslag 2013

 

STYRET

Leiar: Siw Bjørdal Lillebø

Nestleiar: Tonje Rem

Skrivar: Kari Stokke

Kasserar: Silje Aune Tvergrov

Styremedlem: Bernt Arve Hustad

Handball: Lars Johan Sæbønes

Fotball: Elisabeth Årseth Dimmen

Trim: Bodil Skare

Barneidrett: Linda Stokke

1.vara: Eldbjørg Tvergrov

2.vara: Åse-Lill Leknes Kvistad

 

MEDLEMMAR

Sæbø IL har ca 300 medlemmar (familie og enkeltmedlemmar), noko lågare enn i 2012. Krav om medlemskontingent vart delt ut i alle postkasser og postboksar i Bondalen og Norangsfjorden. Ein delte også ut til mange aktive på treningane. Alle som driv med aktiv idrett i regi av Sæbø IL må vere medlem for å kome inn under idrettslaget sine forsikringar. Ved å betale familiekontingent og skrive på alle familiemedlemmar  i husstanden, vil vi få fleire medlemmar.

Medlemmer inngår i «Familiekontingent» t.o.m. det året dei fyller 19 år. F.o.m. året dei fyller 20 må dei teikne eige medlemsskap.

Aktivitetsmidlar vert tildelt utifrå medlemstala, så vi må jobbe for å auke talet på  medlemar i Sæbø IL.

 

ÆRESMEDLEMMAR

Ola Sæbønes, Malvin Holen, Alvhild Wille, Eldbjørg Tvergrov, Kari Riise og Kanutte Strand.

 

MØTER

Sæbø IL har hatt 6 styremøter i 2013.

Frammøtet har vore relativt bra og dei fleste seier frå ved forfall.

 

KUNSTGRASBANE:

Nemnda for kunstgrasbane har jobba med eit kostnadsoverslag for bygging av kunstgrasbane, og dei har laga eit budsjett for finansieringa. Dei er også godt i gang med salet av partsbrev.

I november var det ekstraordinært årsmøte, der ein med 13 mot 1 stemmer vedtok å godkjenne at det vert starta forhandlingar med bank om byggelån på kr. 3.150.000,-

Tilsegn på byggelån må vere på plass før ein kan gå vidare med søknad om tippemidlar og sponsormidlar.

Det ordinære Årsmøtet i Sæbø I.L. skal i mars avgjere om det vert bygging av kunstgrasbane.

 

IL BUSSEN:

Bussen har vore meir brukt i 2013 enn i 2012, både handball og fotball har nytta bussen på bortekampar. Kjekt at A-laget også har klart å ordne seg sjåfør nokre gongar, bussbruken har vore liten med det laget. Elles er det lite utleige på bussen. Det vart laga ny køyrebok, med meir plass til å skrive, vi kan dermed skryte av god bokføring av sjåførane, noko som gjer det enklare å skrive ut rekningar. Siw Lillebø har styrt med utleige og bussnemnda har vore Roy Lillebø og Jonny Flatnes.

 

REPRESENTASJON

Sæbø IL kan møte med 5 personar på årsmøtet i Bondalen Grendahus.

Til Ørsta skisenter A/S møter leiar og nestleiar er vara.

Til årsmøtet i Ørsta Idrettsråd har Sæbø 4 representantar.

 

HYTTA

Er fortsett utleigd til Emile von Emden, han har utført naudsynt vedlikehald på hytta og Sæbø I.L. har betalt for material.

 

INVESTERING

Ny fryser er innkjøpt til klubbhuset.

Fotballgruppa har kjøpt ny omn og ventilator til kjøkkenet.

Hovudlaget betalar for elektrikar og eventuell rørleggar.

 

VEDLIKEHALD

Ballbingen treng vedlikehald, men vi har ikkje hatt økonomi til å utføre arbeidet i 2013.

Den er skada; fleire sveisepunkt har gått opp ved port og stolper. Andre stader er boltar fjerna. Den treng og ny maling og nytt dekke.

POLITIATTEST

Vi har tidlegare forstått regelverket slik at trenere, oppmenn og sjåførar må levere ny politiattest kvart år. Dette gjeld berre ved skifte til annan undergruppe i idrettslaget (for eksempel frå fotball til handball).

Undergruppene er ansvarlige for å hente inn politiattester når nye folk tar på seg verv. Dei som tidlegare har levert politiattest og går direkte over i nytt verv i den same undergruppa skal ikkje levere ny attest.

 

SPORTSLEG

Handballgruppa

Leiar Lars Johan Sæbønes, Kasserar/nestleiar Heidi Midtflå, Skrivar Wenche Wollsæter, Hallansvarleg Aanon Aanonsen, Styremedlem Janne Aamaas Solhaug og Vara Gunn Homberset. Trenarar: Elisabeth Årseth Dimmen og Gry Nesset Valseth.

 

Handballgruppa hadde i underkant av 30 spelerar første halvår fordelt på eit lag Jenter 9 år, eit lag Gutar 10 år og eit lag Jenter 12 år i samarbeid med Ørsta. Samarbeidet fungerte dårleg.

Andre halvår vart det ikkje gutelag og ein stod att med 15 jenter i alderen 8 – 14 år. Det vart påmeldt 4 jentelag i samarbeid med Åmdal, eit samarbeid som har fungert svært bra. 

 

Fotballgruppa

Leiar/skrivar Elisabeth Årseth Dimmen, Kasserar Monika Eikrem, Styremedlem Gerd Sofie Langvatn, Styremedlem Frøydis Skår Ville, Styremedlem Knut Inge haugen, Styremedlem Emile van Embden, Sportsleg leiar Alexander Riise Olsen.

 

Fotballgruppa har fått mykje god omtale i Møre-Nytt i 2013.

A-laget hadde ein god sesong i 2013, treningsoppmøtet var betre enn normalt. Dette førte til siger i Hornindals-cupen, andreplass i Sæbø-cupen, 1. plass i 6. divisjon og dei vart krinsmeistrar. Som vanleg har det sosiale aspektet rundt laget vore godt og dette er viktig for ein breddeklubb. Trenarar: Yngve Frøland og Terje Haugen Øye.

 

Jenter 13 år har hatt både seierar og tap, med mange mål begge vegar.

Trenar: Lars Johan Sæbønes

 

Gutar 12 år har hatt god treningsvilje og dette har vist på treningsframmøtet. Resultata har dessverre ikkje vore av dei beste, men gutane har likevel klart å halde humøret oppe.

Trenar: Torbjørn Riise

 

Barneidrett/Idrettsskule

Her vert det arrangert tilbod til alle barn i småskulealder. Dei har hatt skirenn på langrennski, gratis kveld i barnetrekket, to fotballag, sykkelløp, bading i varmtvassbassenget i Volda og trening i gymnastikksalen på skulen. Det er og oppretta eit tilbod om gymnastikksaltrening til foreldre og barn i barnehagealder.

Leiar/skrivar Linda Stokke, Kasserar Anne Aarskog, Syremedlem Ann Helen Gjøsdal, Styremedlem Kay Are Urkegjerde, Styremedlem Stig Harald Myklebust.

 

Trimgruppa

Trimgruppa har hatt stor aktivitet. I gymsalen har det vore Zumba, Aerobic, gubbetrim og vaksentrim.

Måndagsturane er populære og i skuleferien vart tilbodet utvida med torsdagsturar. Elles har dei arrangert elverampemarsj og turar under Naturfestivalen. Alt vert godt dokumentert både på Hjørundfjordportalen og i Møre-Nytt.

Leiar Bodil Skare, Nestleiar Linda Røssevold, Skrivar Haldis Fiskå Mo, Kasserar Hilde Sæbønes, Styremedlem Monica Follestad.

 

 

HJØRUNDFJORDDAGANE

Regnskap frå Hjørundfjorddagane er ikkje framlagt for årsmøtet i Sæbø I.L. dei siste åra. 

F.o.m. 2013 skal både budsjett og ferdig regnskap leggast fram.

Regnskapet er eit viktig verktøy, ikkje minst for matnemnda som ønskjer informasjon om kvar vi tener pengar.

Dei siste åra har nemndene hatt lite overlapping av medlemmer og mykje informasjon har forsvunne frå år til år. Styret i Sæbø I.L. har av den grunn vedtatt at medlemmer i Hovednemnda skal sitte i 3 år. Nemnda skal ha 6 medlemmar. To medlemmar går ut og vert erstatta av to nye kvart år. På denne måten sikrar vi kontinuitet i nemnda sitt arbeid og kan betre planlegge framtidige arrangement.

Nemnda skal kommunisere arrangementet til Styret i Sæbø I.L., dvs. informasjon om heile arrangementet må være tilgjengeleg for alle medlemmene i nemnda og styret i Sæbø I.L.

Nemnda må veldig gjerne knytte til seg ressurspersonar som kan hjelpe til med arbeidet, men det er medlemmene i nemnda som skal ha oversikta og ta avgjerdene.

Rapport frå nemnda:
Resultatet vart mindre enn vi hadde håpa på. Artistar henta langvegs frå vert for dyrt. Alle ynskjer at det vert igjen nokre kroner i bygda. Det kom inn kr.376 241 og utgiftene 296 857. Det vart investert i ny scene og nokre lausveggar for knappe kr. 20 000. Styret i idrettslaget meinte at ein kunne pynte på resultatet ved å redusere kontoen for Hjørundfjorddagane med 20 000, slik at ein no har kr.50 000 til å starte opp med. Kr 19 240 vart fordelt på 10 lag i Hjørundfjord. Kyrkjekonserten kom på kr. 33 000 og det var selt biletter for kr.14 300.( 70 betalande) Dette svarer seg ikkje. (Lyden var ca 8000) Annonse ca. kr. 14000- Diverse utgifter (papir- skrivesaker- kartong- blomster -tape- gass- skilt, blekk med meir ca. kr. 15000. Scene kr. 133 000 ( artistar-fly-hus-lyd ) Debatt med politikarar er det som kostar minst. Nemnda for Hjørundfjorddagane 2014 arbeider med det for auge, at kostnadane må ned. Ein så stor arbeidsinnsats som Hjørundfjorddagane er, må gi meir forteneste enn i 2013.

Eldbjørg Tvergrov

 

Vi vil igjen minne om at alle må gjere det dei kan for å halde orden, både inne på klubbhuset og utafor.

 

Takk til alle som gjer ein innsats for Sæbø I.L.

Sæbø 25.2.2014

 

Siw Bjørdal Lillebø                Tonje Rem      Kari Stokke                Silje Aune Tvergrov

 

Bernt Arve Hustad                Lars Johan Sæbønes             Elisabeth Årseth Dimmen   

 

Bodil Skare                Linda Stokke