HIPP HURRA!

Februar14 061

Etter at Arbeidsmiljøprisen vart delt ut på kommunestyremøtet på torsdagen,  måtte vi feire på fredagen med is, sjokolade og flagg.

Februar14 064

Tenk, no har vi to prisar, dei må henge på ein plass så alle kan sjå.

Februar14 066

Etter mykje opp og ned er det endeleg bestemt, her skal dei henge.

Pass på at der er plass oppom til Nobels fredspris :)

Februar14 002

Litt merksemd når ein har feira rund dag må til.

Gratulere med overstått Edel.

Februar14 057

Her er Sigve som klatrar oppetter veggen for

å henge opp dette bildet som Eldrid held.

Hjørundfjordheimen skal reparerast på,

vi skal få sprinkleranlegg, litt brantrapper og anna oppgradering.

Likevel dryp det frå tak her og der, litt uventa småreprasjonar som dukkar opp,

Vaktmeister Sigve er aldri arbeidslaus.

Februar14 031

Flisfyringsanlegget som sto på fyrrommet skulle fjernast, og eit firma frå Valdres kom å ordna den saken.

Med god hjelp frå traktor og diverse andre hjelparar.

Februar14 037

Ein gong gjekk vel dette anlegget akkurat inn døra, og takk og lov , det gjekk akkurat ut døra denne gongen.

Februar14 041

Kran frå Åmbakk lyfta anlegget til vers og borte vekk vart det.

Daglegliv.

Februar14 014

Vi oppmuntar alle til å ta vare på konvoluttar med frimerke på, vi vil gjerne ha dei å klippe ut og sende til tubfrim.

Dei støttar ei god sak, vi får koseligt "pirlearbeid" å sysle med

reine "kinderegg" effekta.

Februar14 028

Silje kviler i ein rullestol før vi går løs på å plukke ned restane frå jula,

dette bildet er frå januar alså.

Februar14 029

Baldrian kosar seg bak "luka " på vaktrommet i 1 etg.

Februar14 004

Ei koselig stund på Dalastova, kansje dei ventar på O.L. sendinga?

Februar14 009

Sigrunn og Marie studerer broderiteknikkar på putene.

Februar14 025

I middagskvilda er Baldrian snar å finne eit fang å legge seg på.

Sylvi synest det varmar godt.

Februar14 044

Rullatorar kan brukast til så mangt, her til kaffibord.

Hildur, Hilda, Jofrid og Borghild.

Februar14 045

Solveig kosar seg med besøk frå barnebarn og oldebarn.

Februar14 046

Bakedamene som kjem til oss er svært populære, dei kjem å styrar med noke som skal vekke minner og skape ei triveleg stund i lag med dei som vil vere i lag.

Då kjem dei fleste stormande til.

Februar14 047

Denne gongen var det vafler som sto på agendaen, og sosialt prat sjølvsagt.

Judith og Eldbjørg var det som styra denne dagen.

Februar14 050

God smak og kjekke folk er alltid triveleg.

Februar14 053

Vaflene fall i smak, Jofrid og Borghild rosar smaken.

spa avdeling?

Februar14 072

I denne gangen i 1 etg var det i ferd med å utvikle seg til ei spa avdeling, vatn rann ned frå taket og kara vart raskt fyllt opp med varmt vatn.

Anne og Randi var klar til å anlegge "Tyrkisk-bad".

Februar14 074

I staden for hjelm var det mest brukandes

med paraply til denne reperasjonen.

Februar14 079

Manuela og Randi klar for rapport til neste skift.

Februar14 081

Karina, ei bli og flink dame som er komt til oss, takk for det.

Februar14 080

Klar til å overta etter dagvaktene, Monika er alltid opplagt.

Februar14 069

Baldrian kan sine kunster, spissmusa er fanga og kerta,

men den vil han ikkje ete.

Nokon som veit kvifor kattane ikkje et spissmus?

Ja kansje vi avsluttar med denne kvissen?

1mars skal vi ha god gammaldags laurdagsdans på Hjørundfjordheimen, danseband er hyra, mat skal vi servere,

så då skal vi knyte på oss danseskona og rett so svinge oss.

Meir om det seinare.