I går klappa skipet "Elektron II" til damskipskaia på Sæbø.  Den rekordtunge transformatoren vart køyrt i land og i dag, fredag 17. januar 2014, vart den tunge transformatoren køyrt til Bondalseidet og den nye 420 kv kraftlinja der.  Les meir om den forrige rekordtunge og lange transporten ved å klikke her.

Og alt såg ut til å gå bra også denne gongen sjølv om ein del av plenen til Gunnhild og Torbjørn Slettedal måtte ofrast for å få den 72 m lange transporten rundt Slettedalshjørnet.  Sidan det no er vinter og kaldt i vêret var både kai og fylkesveg 655 salta så mykje at det nok ikkje kjem til å legge seg snø der på lang tid.

Elv og transport 015 copy
Her ser vi den 72 meter lange transporten.  To lastebilar i front drog tralla med transformatoren på, mens ein lastebil skua etter.  Kvar av lastebilane hadde 650 hk.  Her i svingen ved Hustadbrua.