Gamle album

Det finst ein del bilete frå ”gamle dagar” i ymse album i heimetunet eller hjå slekta etter avlidne tanter og onklar. Enkelte flyfoto har hamna på veggen frå den tida då flyfoto av tun og bygder var populært. I den digitale verda vi lever i no, rår vi over gode fotoapparat, scannerar og datamaskiner.

Dersom ein spør seg rundt, så er det ikkje vanskeleg å finne bilete som kan vise både hus og personar som høyrer med når ein gjer seg tankar om å lage ei gardshistorie.  Personar fødde kring midten av 1800-talet kan ein med stor sjanse finne gode bilete av. Dei var vaksne på den tida då det har stor stas og høgtid å  gå til fotografen eller leige omreisande fotografar som avbilda både familien, husa og dyr. Vi som ættar frå Hjørundfjorden, har ei mest utømeleg opplysningskjelde gjennom dei tre innhaldsrike gardssogene som Ragnar Standal sto i spissen for: ”Hjørundfjordboka 3, 4 og 5 – Gard og ætt”.


Motasje

Eit oppsett frå Ramogarden over tidsperioden etter 1877, viser brukarane og familiane som var knytte til tunet . Opphavleg er bileta og tekstene monterte på eit 50x70 cm ark. Dette er her avfotografert og dermed kan det nok vere vanskeleg  å få fram lesbare teksta. Klikk på biletet så får du større utgåve.

Eit påhitt

Vinteren er ei tid då ein kan ha høve til å gjere noko utanom programmet, nærast som eit påhitt. Og slik vart denne mi gardssoge til.  Garden eg voks opp heiter Ramogarden, gnr. 119, bnr. 3, dvs. på Ytre Urke.  Etter nokre få timars kopiering, klipping og liming, hadde eg fått fram eit oversyn som viste personar, bygningar og litt tekster som forklara illustrasjonane.

I etterkant ser eg at neste gong skal eg utføre arbeidet med større presisjon. Eg skal innbille meg at eg kan litt om lay-out og syte for rette margar, montere bileta korrekt fordelt over den 50 x 70 cm store papirflata og lime bilete og tekster perfekt på plass. 

Lik bestefaren

Eg kjøpte ei  clips-ramme på Clas Ohlsen til under hundrelappen, la inn det litt tvilsomme produktet og likevel tør eg å vise resultatet fram.  Ikkje som ein perfekt montasje, men som eit eksempel på kor enkelt det kan gjerast. Det skal, trass alt, ikkje hengast fram til offentleg utstilling.

Eg skal henge det opp på stoveveggen i barndomsheimen min på Urke. Barn og barnebarn skal få sjå denne greina av slekta si på veggen og utanom det vi får fram av bilettekstene, kan vi vaksne forklare at ”der er oldemor di og der er tipp-oldefar din.”  ”Ser du kor lik han farfar er bestefar sin?”, vil andre spørje. Dermed kan dette vere eitt bidrag til å knyte band mellom generasjonar og gi grunnlag til gode samtalar mellom slektningar.

Oppfordringa

Eg tillet meg å kome med ei oppfordring til lesarane:

Kan vi ikkje tenkje oss å gjere ein slik liten innsats dei fleste av oss for å få ”på veggen” vår næraste slektshistorie?  Ein må avgrense seg til enkle opp-ned slektsliner for at det ikkje skal bli for omfattande. På gardane er det naturleg at ein viser brukarane av garden m/familie i rett linje. Ein kan rekne med å kunne nå over 4-5 generasjonar på eit slikt oppsett.

Leitinga av foto fører gjerne til at ein vel ut dei beste og mest illustrative motiva. I denne innsamlinga skal ein hugse på at Hjørundfjord Sogelag er svært interessert i å få kopiere mange, kanskje dei fleste bileta som slekta finn fram til. 

Fotoregistrering

Dette kan bli eit svært viktig bidrag i den dugnaden som fotonemnda i sogelaget ønskjer. Nemnda har fått i oppdrag å få registrert og arkivert foto for å sikre dei for ettertida. Ein ønskjer og å nytte fotoa til opplysning gjennom årsskrifta og/eller i ei eiga fotobok frå Hjørundfjord.

Mange sogelag arbeider systematisk med tanke på slikt registreringsarbeidet.  Ved å vere opne for samarbeid med den einskilde familie, er det ein sjanse om å få utveksle opplysningar om innhald og motiv på dei tusenvis av gamle fotografi som finst, men som er verdilause om dei ikkje skal synast fram.