Det starta i det små for fire år sidan, med stjerneskot og handfaklar og med gode kle og sko, at Kvistadfolket tok beina fatt og gjekk i fakkeltog. Store og små, yngre og eldre, barnevogner og glade ungar møtast for å feire inngongen til det komande året.

I år som i fjor tende vi fakkelboksar rundt omkring i grøftekantane for å få litt meir lys og stemning når vi gjekk i toget. Desse brann i fleire timar og laga koseleg stemning inn mot det nye året.

Vi samlast på Holane og går forbi Jogarden og ned mot brua for å helse på Berta og Thomas. Deretter går turen opp mot Gotene, Åmyrbrauta og opp mot Rasmusgarden før vi til slutt endar på Holane att. Der ventar det kaffi, varm sjokoladedrikk og nokre gongar gløgg. 

Ungane får herje litt, karane får skyte rakkettar og me andre får prate i lag. Rett kjekt er dette. Dei siste åra har det også kome glade folk "utanifrå" som vil vere med i toget. I år var det omkring 30 personar som var med i fakkeltoget. Og til neste år håpar vi på fleire, så berre hiv deg med!

Her kjem eit lite bildedryss frå årets fakkeltog.

IMG_0222

Her passerar toget Jogarden.

IMG_0252

Ansgar og Jørgine Kvistad

IMG_0251

Store og små er blide og glade.

IMG_0268

Oliver synast det var godt med varm sjokoladedrikk medan rakettane vart skotne opp.

IMG_0289

Oddhild og Oddmund tok med seg familien frå Aklestad og blei med i toget.

IMG_0285

Flotte rakkettar vart sendt opp.

IMG_0286

Vi vil med dette ynskje alle saman eit godt nytt år!