Besøkstala for Hjørundfjordportalen

Ei oppsummering av året 2013 viser at 60502 unike besøkande har generert 479712 sidevisningar på portalen fordelt på 202127 besøk og vi nærmar oss med dette ein total på ca. 15 millionar sidevisningar sidan oppstarten av portalen.

Legg merke til at tala presentert i dette innlegget er BERRE for 2013 med unntak av dei totale sidevisningane (ca. 15 millionar).Visningar før og etter dette er ikkje tekne med. Innlegg kan difor ha mykje høgare besøkstal totalt.

Artiklar og nyhende

Den mest populære artikkelen i 2013 var "Det gode liv på Sæbø" skrive av Kari Stokke.

Topp 10 innlegg ser slik ut:

  1. "Det gode liv på Sæbø" av Kari Stokke (1702 visningar)
  2. "Den vakraste ferjekaia er opna" av Knut Hustad (1606 visningar)
  3. "Opning av den nye ferjekaia" av Ivar Svein Mo (1292 visningar)
  4. "Rosabella Ørsta" av Anita Aklestad (1215 visningar)
  5. "Badeglede" av Hjørundfjordheimen Sæbø (1206 visningar)
  6. "Dei beste skiforholda" av Knut Hustad (1186 visningar)
  7. "Gratulerer med dagen!" av Hjørundfjordheimen Sæbø (1161 visningar)
  8. "Tussamannen som vart verdskjent" av Ivar Svein Mo (1104 visningar)
  9. "Jul på Hjørundfjordheimen" av Hjørundfjordheimen Sæbø (1061 visningar)
  10. "Krigsminne engasjerer" av Per Urke (990 visningar)

Statiske sider

Av dei statiske innlegga tronar "Toppturar i vinterfjell" suverent i toppen med 9714 visningar i løpet av det siste året, med sida til "Trimgruppa" på andreplass med 2626 visningar og sidene til "Hjørundfjordheimen" hakk i hel med 2569 visningar.

Desse tre har også vore utmerka seg med å samle innhaldet sitt slik at det vert lett for folk å finne liknande innhald, noko som tydeligvis vert sett pris på av brukarane av portalen. Særleg Hjørundfjordheimen har vore veldig flinke til å leggje inn stikkord på innlegga sine. Desse har også fått ein del omtale frå andre kantar

Topp 5 statiske sider:

  1. Toppturar i vinterfjell (9714 visningar)
  2. Trimgruppa (2626 visningar)
  3. Hjørundfjordheimen (2569 visningar)
  4. Tourist information (1486 visningar)
  5. Sæbø legekontor  (1479 visningar)

Tilbakemeldingar frå brukarane

Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar med både ris og ros frå brukarane på portalen. Portalen er for brukarane, og vi vil gjerne at dokke er med og bestemmer kva retning portalen skal ta. Du kan gjerne bruke kommentarfeltet i denne artikkelen eller kontakte ein av oss.

Kva var ditt favorittinnlegg på portalen i 2013?

Kontaktinformasjon finn du på denne sida.

Godt nytt år!


Kjelder: