Sidan dagens sokneråd trådde i kraft for over to år sidan har tema vore å fornye kyrkja. Hjørundfjord kyrkje er ei av dei siste kyrkjene som ikkje har permanente projektor som presten kan bruke under gudstenesta.

IMGP5261
Slik vil ein no kunne lese
salmar og sjå bilete i
kyrkja

Det vart vald ei nemnd til å arbeide med saka, som besto av Ivar Svein Mo, Aanon Aanonsen og soknepresten. Noko vi var heilt bestemte på frå første møte var at vi skulle gjere alt vi kunne for ikkje sette inn moderne teknologi som var visuelt forstyrrande for handlinga i kyrkjeromet og rundt alteret, men samtidigt må teksta og bilde sjåast frå heile kyrkja. Framfor preikestolen er ein idell plass for lerret, men dette bestemt nemnda tidleg at slik vil vi ikkje ha det og tenkte meir på å bruke veggen utan lerret.

Vår tidlegare sokneprest Dyrhol var ein mann som gledde seg over all positiv utvikling i sokna og samtidig var han svært oppteken av at vi skulle gjere kyrkja attraktiv slik unge prestar ville søkje stillinga i Hjørundfjord presteembete.

IMGP5266

Gunnar Andås frå Volda er leverandør av projektorar og teknisk utstyr og er i ferd med å finjustere bildevisninga på korveggen. Sokneprest Aarseth er med i heile monteringa.

Hjørundfjord kyrkja er ei langkykje med ei åttekanta koravslutning. Korveggane på begge sider av alteret fann nemnda ut, i samråd med Soknerådet, at her kunne ein ved bruk av to projektorar vise tekst og bilde rett på veggen slik nesten alle såg det, borsett frå dei som sat heilt uti sidene på fremste benkane. Det var søkt hjelp med Gunnar Andås i Volda og vi prøvde ut dei nye type projektorar som vert brukt til smarttavler i undervisning. Dette er ein forholdsvis stor projektormaskine som heng med ein avstand på ca.0,5m frå veggen og lagar eit stort bilde nedom seg. Ved å vise teksta med kvite bokstavar og med mørk bakgrunn var dette løysinga.

Etter nemnda hadde gjordt opp si meining gjekk det søknad til Biskopen i Møre som vidaresende søknaden til Riksantikvaren. I midt av mai kom svaret frå begge partar.

"Riksantikvaren stiller seg positivt til at ein tek i bruk ny teknologi i kyrkja, og ser at soknerådet og fellesrådet har tenkt kreativt og nyskapande for å finne ei løysing som skal passe best mogleg inn i kyrkja. Vi støttar planen om å projektere rett på veggen utan lerret, men trur projektorane vil bli påfallande synlege på den nakne veggen. Dette kan forstyrre opplevinga av alteret og altertavla, som er kanskje det mest sentrale symboltunge interiørstykket i ei kyrkje.

Riksantikvaren har ingen innvendingar til montering av projektorar i Hjørundfiord
kyrkje, men ber om at ein diskuterer alternative plasseringar og projektortyper før ein
tek endeleg avgjerd. Dersom det er mogleg å plassere projektorar skjult, tit dømes bak
korbogen eller under galleriet så vil kanskje dette vere ei meir diskret løysing. Ein må
også ha i minne at det sikkert trengs kablar i samband med tiltaket, noko som også må
takast med i vurderinga.

Vi er elles svært positive til projektering rett på vegg utan lerret, og ber om at denne
løysinga vert ført vidare uavhengig av projektoren si plassering.

IMGP5262

Prosjektorane vert plassert i skjul for
kyrkjelyden slik Biskopen ynskte.
Sokneprest Aarseth er aktiv med på
arbeidet i lag med Andås.

Den viktigaste føresetnaden er at alle installasjonar skal skje så diskret som mogleg,
med høg handverksmessig kvalitet og med minst mogleg inngrep i kyrkja. Kablar må leggast minst mogleg synleg og må ha ei diskre farge, evt målast i bakgrunnsfargen.Ein bør også velje projektor med ei diskret farge. "

Biskopen i Møre godkjendte også søknaden om plassering av projektorar i kyrkja og sa seg samd i uttale frå Riksantikvaren og nemnda måtte sjå på alternativ løysning i plassering av projektorar.

Sidan det no var klart kven som hadde fått stillinga som ny sokneprest, var det naturleg å ta kontakt med Espen Aarseth og han ynskte at vi skulle avvente avgjersla om plassering til han hadde kome seg på plass i stillinga.

Nemnda fekk ein erfaren prest ilag med seg og bestemte at projektorane skulle være på plass til julehøgtida.

Projektorane er no på plass på baksida til korbogen, slik Riksantikvaren og Biskopen i Møre ynkste, og no står det berre att å høyre kva kyrkjelyden har å seie. Kanskje dette er trinn 1 og må utvidast seinare etter kvart som det vert gjordt erfaringar.

Hjørundfjord Sokneråd og Sokneprerst Espen Aarset er glade for å kunne ta i bruk visning på veggen på sjølvaste julafta og håper på mange i kyrkja både julafta og 1.juledag

(Alle bilda kan klikkast på for stor størrelse)