Det var hurtigruta MS "Lofoten" som fekk avslutte årets sesong på Hjørundfjorden.  Og sjølv om det var eit kjølegare drag i lufta, let turistane som kom i land ved kaihuset på Urke imponere over mykje vatn og nysnøen langt ned i fjella.

Siste tur 009 copy
I dag var der turistar frå m.a. Japan, Austerrike, Tyskland på Urkekaia og dei
likte det dei såg i bakgrunnen - dei nysnøkledde Smådalstindane.

Kaihuset på Urke har også vorte ein samlingsstad for Urkefolket.  I dag var sjølvsagt både Kåre Myklebust, Erling Berg, Helge Urke og sjølvsagt sjefen sjølv, Tørbjørn Urke tilstades i den lune og trivelege kafeen.  Dorit Rønning, dagens sjef bak disken, hadde både vafler, gulrotkake og andre kaker å byde på i tillegg til koppen med kaffi.

Siste tur 006 copy Siste tur 004 copy
Dorit Rønning var dagens sjef bak disken i kaihuset, men ho tok seg også tid til å slå av ein prat med turistane på kaia. Nærast til  venstre sit ein av dei faste på kaihuset - Kåre Myklebust.  Bak i grønt ser vi Erling Berg, til høgre Torbjørn Urke(briller) og Helge Urke.

Torbjørn Urke er ein av dei som har jobba mest med mottak av passasjerane frå dei ulike hurtigrutene,var sjølvsagt tilstades på kaia denne siste "hurtigrutedagen"  for sesongen.  Han vedgjekk at det har vore travelt å ta imot så mange passasjerar i ei lita bygd, men om Urke no hadde gjort si plikt?

- Nei, no er vi i gang med å planlegge neste sesong.  Det spørs likevel om vi kan halde fram med dette på dugnadsbasis, men målet må vere å få endå fleire passasjerar i land og at mange av desse kan vere att eit døgn eller to i Hjørundfjorden før dei fer vidare med eit av hurtigruteskipa.  -  Denne trafikken må skaffe arbeidsplassar i fjorden, slår Urke fast.

Annelin Henriksen, er innleigd som rådgjevar og pådrivar.  Også ho lyste i dag av glød og ser framover slik at forholda vert lagde best mogleg til rette til alle som finn vegen til Urke og Norangsfjorden.

Siste tur 018 copy
Torbjørn Urke meiner det skal verte godt med ei lita pause no,
men om
ikkje lenge er han og dei andre på Urke i gang med
planlegginga av neste
sesong.

Siste tur 013 copy
Her ser vi ein del av gjengen som har gjort ein stor innsats under årets
sesong av "Hurtigruten Ppå Hjørundfjorden:  Frå venstre:  Hallvar Urke,
  ?, Sverre Rønning - med hornet,  Kare Myklebust, Annelin Henriksen,
Torbjørn Urke, turist Sandra Schiessel frå Austerrike, Erling Berg og turist
frå Tyskland.
  (Kan nokon hjelpe med dei to siste namna?)