Aldri har vel ein haustdag vore flottare, mildare og meir lovande for sju spente turdeltakarar. Som eit Tidemand og Gude-måleri låg Hjørundfjorden der i all sin nasjonalromantiske prakt denne søndagsmorgonen, 8. september. Min kjære far, Knut Riise, hadde lenge lova nokre av oss denne turen til Stålberghornet frå sjøsida. Eg veit han til tider angra på lovnaden og kjende på grensene sine, før, undervegs og i krampemarerittet etterpå. Men heldigvis for oss gjennomførte han med stil!

(Alle foto som ikkje er merka er tekne av underteikna. Åge og Knut; eg har lånt nokre av bileta dykkar utan å spørje om lov. Håper eg får tilgiving :-))

1

2013-09-08 07.49.41
Kva ville slike turar vore utan MS Hjørundfjord og Oddvar Olsen?
Åge Davidsen er klar til å gå ombord. Mariann Skaar Skotte, Hilde Sæbønes og Hermod Andreassen på kaia.

2013-09-08 08.00.35 - Kopi
"Gallionsfiguren" Knut Riise på veg innover mot Viddalstranda.

3
MS Hjørundfjord har sett oss av litt utanfor Gallesteinane. No er det ingen veg tilbake...

4 5
Så stod vi der, mellom tang og tare og såg oppover den rimeleg attgrodde fjellsida.... Rås var det dårleg med. Om ein går i land på rette staden, er det berre å bryte seg rydning gjennom krattskogen og halde seg på ryggen mellom dei to gjøla. I følgje Kart-appen på mobilen min skal du ha Klenrimgjølet på di venstre side og Gallsteingjølet på høgre side.

6
Enkelte stader var det visst rimeleg bratt.... Underteikna på rett veg. (Foto: Åge Davidsen)

2013-09-08 10.36.33
Lyng og kratt fekk hard medfart i dei brattaste sidene. Men etter den tette krattskogen, der flåtten ikkje var mangelvare, var det likevel godt med litt luftigare parti.

1238343_588135744558876_1441492186_n
Og luftigare skulle det bli... Til venstre for hovudet kan ein skimte flåa vi skal forsere. Deretter gjekk vi opp i gjølet der det er skugge.(Foto: Åge Davidsen)

7 9 
Utsikt i retning Bjørke.                Så var det ut på den luftigaste delen av ruta.

10   11
Under berg, langs ei flå og bak ein stein. Vegen gir i grunnen seg sjølv, men veldig greit å ha med ein kjentmann!

12
Så var det opp gjølet og vi veit at vi snart er oppe på kanten!! Ein del lause steinar og ustabilt underlag gjer at ein bør gå ytterst forsiktig her med tanke på dei som kjem bak.

13
Endeleg oppe! "Jag trivst best i öppna landskap" fekk ei ny tyding etter dei fire timane i sørvest-sida av Stålberghornet....
Åge og Mariann tek ein velfortent pust i bakken.

14
Hege og Hermod siktar mot andre sida av platået.

15
Det er ubeskriveleg å endeleg stå på platået som eg berre har sett nedanfrå. I alle desse åra har eg, og fleire med meg, lurt på korleis det ser ut der oppe. Og eitt er i alle fall sikkert: det er ufatteleg mykje flottare enn eg trudde!

16
Fjellføraren har fått tid til å hente seg innatt. Vi står på toppen av Stålberghornet og skuar utover den nydelege fjorden "vår".

17
Underteikna knipsa med mat i munnen. Urke ligg der i all si prakt. (Foto: Knut Riise)

18
Heile gjengen samla ved varden på toppen av Stålberghornet (1248 m.o.h.).
F.v. Knut Riise, Mariann Skaar Skotte, Åge Davidsen, Hermod Andreassen, Hilde Sæbønes, Dagny Riise Heggestad, Hege Andreassen. (Foto: Knut Riise m.sjølvutløysar)

19
Sjølvsagt må hurtigruta få vere med på biletet. Flott å ligge på magen og sjå ned på Stennes og MS Hjørundfjord som køyrer skytteltrafikk til og frå Urke.

2013-09-08 14.52.06
Mariann, Hege og Hilde vagla seg ut på ein kant til ære for fotografane. Slogen til høgre.

20
På tide å gå vidare. I enden av ura ser de toppen av Blåhornet, eller Helghornet som det også vert kalla (1372 m.o.h.).
Dette er det vi trudde var ei hytte på Stålberghornet då vi var små...

21
Neste mål i sikte: Konehornet (1276 m.o.h.). Her ser de kvar vatnet til Helgåa kjem frå. Smørskredtindane i bakgrunnen til venstre.

22
Vel nede i dalen er det på tide med ei pause før neste topp.

23 Jakta sett frå Konehornet.

 24
Utsikta ned mot Øye var det ingenting å seie på.

Dette var eit av dei siste bileta eg knipsa. Etter dette stod det "berre" att å gå den bratte sida ned i Konedalen og vidare ned den (på dette tidspunktet) skrekkelege! råsa til Nordang. Beina og kroppane var godt møyre etter over 11 timar i fjellheimen. Vi var vel alle ganske sikre på at det vart med denne eine turen. (Bortsett frå Knut sjølvsagt. Han har gått her to gongar tidlegare!!!) Men etter å ha kvilt ein dag eller to, trur eg dei fleste av oss såg tilbake på turen med glede, og tek den kanskje ein gong til!?  

Ei stor takk til Oddny Flugekvam som på strak arm køyrde oss til Lekneset i hui og hast (godt det ikkje var kontroll, det var dårleg med bilbelte i lasterommet på Caravella...). Takk til Rigmor Andreassen som underheldt ferjemannskapet med god prat til vi kom oss ombord fem minutt for seint, og takk til ferjemannskapet som venta slik at vi slapp å blomstre i ein og ein halv time på Lekneset!

Dette var ein av turane!! Tuuusen takk, kjære far, for at du tok oss med, og takk til gode turkameratar!

Om du ikkje vart freista til å ta turen sjølv, håper eg du har hatt glede av denne smakebiten.