Som nemt i invitasjonen skal fjøsen verte ein stad der både lokale og tilreisande kan finne kunnskap og informasjon om setring, natur, fjell og andre kulturhistoriske opplysingar om Kvistaddalen, Kvamsedalen og vidare mot Finnes og Storfjorden.

Det som vart utført:
Muren på baksida vart ferdigmura og på sida mot vegen planerte me grunnen og bygde ein enkel mur her ogso.

Me fekk ogso bordkledd båe langveggene, so me var svært nøgde med eigen innsats.
 

Helge Nordang

Helge spikrar bordkledning 

IMG_0310

Kjell Arne finn ein gamal torvkrok

IMG_0313

Gjengen har matpause

IMG_0316

Her er tre av dei nøgde dugnadsarbeiderane

Vert det ver til det og me får med meir folk på ein ny dugnad, kan fjøsen vere tett før vinteren kjem.

Helsing kulturvernlaget.