Kvia/ Rekkedalsetra og Risestøylen

Bodil, Kari, Haldis, Alvhild og Irene.

Fem damer stillte opp på Rekkedal, klare til den tredje siste måndagsturen denne sesongen.

001

Full fart opover frå tuna på Rekkedal, Irene, Haldis, Alvhild og Kari.

002

Alvhild kunne fortelje at ho spelte fotball på plassen oppfør vegen her, "stavlehauen" kalla ho det.

Litt lenger inne ligg "legene" som også vart flittig brukt.

003004

Mykje sopp i skogbotnen alle stadar, somt til mat, men mest til pynt.

005

Ledet hadde dobbel lås, sikkert for at ikkje hjorten skal opne.

006

Ei krokete stubbekone sto og snakka til småsoppane rundt føtene sine.

007

I ei glenne mellom trea ser vi Aksla på andre sida.

008

Denne soppen ser nok litt forkomen ut, ein brun koloni.

010

Reine våtmarka er det langs vegen.

011

Her er det rydda litt av skogen som "Dagmar" rydda ned.

012

Eit produksjonslokale for vedhogst kom vi over inni skogane.

013

Himmelen vart blå mellom skyene, og det letta opp.

017

Litt blåbær må vi smake på, men dei var nok vasne.

018

Siste biten inn til Kvia, mellom haustfarga tred og skodde i fjella.

S022

Tyttebær i fleng.

025

Blokkebær i massevis.

024

Då sto damene på haudet i lyngen for å smake sjølvsagt.

027

"Tissemannen" på Risesetra var spandabel med vatnet, og Kari får smake.

029

Blå himmel over oss medan vi ruslar nedover frå Risesetra.

030

Flotte fargar mellom skyene.

035

Attmed "Doktor Mo" hytta står eit tre med eit skilt som er nesten tatt tilbake til naturen.

Parkering forbudt her, kjøyr vidare 200m parkeringsplass.

040

Gamlestova til Kalvatn med sin karakteristiske tømmervegg.

038

So kom det sjølvsagt litt regn.

041

Nede ved Ysteriet.

Her budde Alvhild frå ho var 2 år til dei flytta inn i huset sitt Julafta i 54.

Då var det butikk i fyrste etasje her.

Dersom ein hadde penga var det kort veg for ein pose kandissukker.

043

Siste bilde før vi avslutta for i kveld, takk for laget.

Neste måndag er det nest siste turen,

Frølandsetra.

Då vert det også Zumba for dei som er klar for det.

Vel møtt