Klokkura!

Med tonar og ord frå gode gamle "Trolldans"

vart det trollsk og triveleg stemning innover dalen, mot sagnomsuste

Klokkura denne måndagen.

Haugkallen og huldrene er sjølvsagt:

Irene, Helga, Kari, Bodil, Frøydis og Fred.

001

      Helga, Kari, Fred og Frøydis i lett gange innover frå parkeringsplassen.

002

Vi gløymde rett og slett å ta den nye "gamleråsa" som er mykje turrare, så då vart det -hit eit steg og dit eit steg, frå stein til stein gjennom gjørmemyra.

Vi tok den andre råsa tilbake.

003

Nesten inne på Bakkjen syntest vi at vi høyrde ein bil.

005

Vi stoppa opp ei stund for å sjå, jau der ser vi noke blått med folk ti,

kome i råsa, kven var det skal tru?

007

Det var Irene sjølvsagt, så no vart vi seks stykker.

Irene heiv seg på helane til Helga og innover mot Stokkesetra bar det.

008

Godt opptrakka i råsa, turt og fint for det meste.

009

Berre eit par stadar var det litt gjørmete, men der var det gode steinar.

010

På Stokkesetra var det skriving i boka, og ein idyllisk kvild ved steinbordet.

012

Så eit bilde med retning Frølandsetra.

013

Nesten inne i Klokkura, huldresongen nynnar i bakgrunnen.

014

Eit flott trekløver skriv seg i nok ei bok.

Kari, Helga og Fred.

015

Plommer, Sjokolade, turmiks og drikke, fest ved bordet i klokkura.

027

Mykje skrubbebær og flotte haustfargar.

029

Litt av skogens gull.

011

Fellesbilde frå Stokkesetra med litt tull.

024

Vemodigt vakkert mot fjorden, Kari og Fred på heimveg.

Takk for laget på nok ein triveleg tur.

Neste måndag er det Olavshola.

Vel møtt!

019

Minner også om at på Laurdag er det turmarsj på Elverampa, håper mange tek trimturen om Klubbhuset og melder seg på.

Vi har fått mange flotte premiar som skal trekkjast mellom dei påmelde, og vi sel lodd som du kan vinne flotte gevinstar på.

Ellers sel vi mat og drikke slik at det og vert anledning til å ta ein prat i ei triveleg sosial stund etter turen.

Dette er eit fellesarrangemang mellom Trimgruppa

og Bondalen helselag, overskuddet går uavkorta til oppgradering

og vedlikehald av Elverampa.

VEL MØTT!