Vasstøylen.

Vi sto attmed bommen på Kvistad og kika etter fleire, men kom til at vi vart berre to i kveld.

Vi skal i alle fall på tur, godt vødde for vått vêr la vi i veg.

002

Langhornet helsa på oss allereide før vi starta på råsa.

003

Rikeleg med vatn i råsa, eg kan huske at det er heller tørt her på seinsommar og hausten, vanlegvis.

006

Somme stadar rann der elv over råsa, der det ikkje er elv til vanleg.

007

Mot kvamsedalen låg skodda tung nedi fjella.

011

Medan det såg lettare ut mot Langhorndalen. Dette såg bra ut.

010

På vegen fann vi kjende spor.

013

Så enda fleire spor.

014

Ved Vasstøylsvatnet var årsaka til spora,

seks kyr beita fredeleg i den frodige idyllen.

016

Me skreiv oss kjapt i boka, så ho ikkje vart våtare enn nødvendig.

012

Etter å ha vandra i råsa som var meir elv enn rås, kom vi til at ekspidisjon Langhorndalen vart avlyst.

Vi hadde ikkje med redningsvestar, så det var nok best å snu.

015

Vi fann, vi fann- ein utgådd skosåle.

024

Eit skilt som treng nye skruar og eit skrujarn.

009

Skiltet som vi har stoppa ved so mong ein gong før.

021

Gjetarbuda, som er omtalt på ein artikkel på portalen tidlegare.

Sjå under Vasstøylen/ Kvamsedalsreset.

023

Fellesbilde måtte vi ha, Kari og Bodil.

029

Nedover fann vi åtte kyr til som kosa seg i regnet. Legg merke til elva som renn ved sida av råsa.

017

Vått kan vere vakkert!

018

Vasstøylsvatnet mot Langhorndalen.

028

Røsslyngen blømer rikt.

027

Og blømer gjorde jammen eina og.

019020

Blåbær og krekebær i massevis.

Vasstøylen ber namnat sitt med rette, vassrikt var der i allefall i dag.

Takk for laget, von om betre vêr på torsdag.

Då vert det tur til Gunnar-råsa og Storenakken.

Vel møtt!