Tur til Årskogstøylen og Høgereset.

Vi var lettkledde i det fine vêret og klar for tur til Holedalen.

003

Nokre hadde kjøyrt opp til hyttene, men dei venta tolmodigt på oss som gjekk frå vegen opp.

Lisa, Fred, Monica, Roy, Kari, Bernt Arve og Siw.

004

Oppetter råsa i grnskogen gjekk vi fint på rekke.

005

Varmt og fint i sola, og vi heldt bra tempo.

008

Her stoppa vi litt opp i skogen ,vi må ha bilde medan sola skin.

009

Grønt og frodigt langs råsa, sola skin godt i Olavshola i bakgrunnen.

010

To karar i full fart, mot elva neste stopp.

Bernt Arve og Roy.

011

Leskande friskt vatn.

Roy, Fred, Bernt Arve, Kari, Monica, Hilde, Lisa og Siw.

015

Haustfargar på Lønna ved Årskogstøylen var eit teikn på haust.

017

Her er ein av dei velbrukte hellarane som saudene ligg og kviler seg under i regn og sterk sol.

019

Boka på Årskogstøylen må vi skrive oss i, passar og med ei lita kvild samtidig.

020

Hilde måtte nedatt her, takk for laget og god tur både i morga og til Gdansk.

021

Vi andre rusla vidare mot Høgereset.

022

Bernt Arve og Fred ved elva midt i dalen.

023

Haustsola skin i fjella, Kari og Roy i råsa.

026

Drikkepause ved elva.

Bernt Arve, Fred, Bodil og Kari.

027

Siw, Monica og Lisa.

028

Her kan vi sjå "bjønnahiet" under steinen tydeleg.

Svart prikk.

029

Siste kneika er tung, må vere ekstra tynn luft der.

Reine høgdetreninga.

032

So vart det fest, bading i Bjønnalauget er fantastisk.

Karane ser på medan tausene laugar seg.

033

Her er huldrene i fri flyt.

Bodil, Lisa og Monica, friskt og hæææærligt.

035

Nedover tok vi vegen om Holekonevatnet.

036

Det skal vist vere "botnlaust" , tvilsamt men at det er både bratt ned og heilt sikkert djupt, det ser vi sjølve.

037

Bergveggen der fossen renn er bratt og lang, litt av eit vasstrykk.

Flott naturperle.

038

Vi gjekk nedatt mot Årskogstøylen.

039

Flotte fjell oppover mot Høgresetind/Nøvedalstind, Holekonevatnet i bakgrunnen.

Ja , Holedalen har meir å byde på , vakker natur, spa, og bær.

014

Masse tyttebær.

016

Masse blåbær, Monica og Lisa MÅTTE berre plukke litt.

medan vi andre gjekk nedatt.

040

Medan fjella kneisar seg mot ein lilla skymingshimmel, strekkjer Bernt Arve seg og tek tak rundt den orkanskada skogen sin, tenk om den var så lett å nå.

Tusen takk for laget på ein flott tur.

Nyt finevêret og gå ut på tur i dei fantastiske fjella denne tida.

Neste måndag er det tur til Vasstøylen og kvamsedalsreset.

Vel møtt.