Familietur til Skårasetra under Naturfestivalen.


I samband med Naturfestivalen arrangerar Hjørundfjord kulturvernlag tur til Skårsetra fyrstkomande sundag.

Ferja går frå Sæbø klokka 11:30 og 11:45 frå Leknes.

Bente Skår og Marit Skår som har vakse opp i denne veglause bygda vil vise veg ilag med Sveinung Walseth som har mor si frå Skår.

Dei vil ha fleire stopp på vegen opp til setra og fortelje om livet på Skår, folket som vaks opp der og spesielle stadar.

Setra ligg på omlag fem hundre meter og ein får ei nydeleg utsikt utover Hjørundfjorden.

Denne turen passar for heile familien, det er noko bratt til å byrja med, men ein skal ta seg god tid, slik at alle skal kome opp.

Ta med niste, drikke, gode sko og kle etter veret.

Ferja går noko seinare tilbake enn før, fyrst klokka 18:50, men skyssbåten Hjørundfjord går innom Skår klokka 15:30 etter arrangement på Bjørke. Hugs å ta med pengar til skyssbåt og til ferje.

Dersom ein ikkje rekk ned til Skår innan klokka 15:30, kan ein slå seg saman og leige skyssbåten og på den måten kome seg til Leknes eller Sæbø. Då ringjer ein telefon 94806606.

Dette er eit flott høve å vitje Skår for deg som aldri har vore på land der før. Ta gjerne med vener og møt opp på Sæbø i god tid før ferjeavgang på sundag. Nilsbuda er open, så får du med den også når du likevel er på Sæbø.

Synnøve Hill

- på vegne av Hjørundfjord kulturvernlag-

Skår- ei kulturvandrig

Kulturvandringa til Skår søndag 17. august i 2008 vart ei folkevandring. Berre når det var storbryllaup på Skår kunne der ha vore meir folk enn dette, fortalde Jarle Walseth. Her er folk samla ved nedste tunet på Skår der Jarle Walseth orienterer. Denne dagen var han lokalhistorikar på heimebane. I bakgrunnen ser ein Lekneset og Urke