DSCF0352

Turen startar ifrå fonnvernet og oppgjennom skogen i Gunnarråsa, her er godt opptrakka og lett å finne fram. På bildet ser vi frå venstre: Jørn, Torstein, Helga, Frøydis, Ingvild, Gunnar, Sigrun og Bernt Arve.

DSCF0354

Her er gjengen komne opp til kvileplassen og har skrive seg inn i turboka, det er endå eit stykke oppover før dei kan ta av mot Hjellen. Regn bryr tøffe vikingar seg ikkje om.

DSCF0356

På vei mot Hjellen og Sæbøneset.

DSCF0357

Sigrun på Åsen, flata der kyrne vart melka. Det er vel her namnet Åseråsa kjem ifrå.

DSCF0359

Sigrun, Frøydis, Torstein, Jørn, Ingvild og Helga, regnet har letta og smilet på plass. Turen er her snart over, dei kom ned ved parkeringsplassen øverst i Sæbønesfeltet.

Takk til kjentmann Sigrun og fotograf Bernt Arve.

Torsdag 4. juli er vi klar for Tua på Hustadneset, velkommen!