Vi vil også i år  opne kyrkja to kveldar i veka. Dette vert tysdager og fredagar mellom kl.18.00 og 20.00. Det er ein god del turistar på Sæbø om sommaren. Mange har slektningar på besøk, som gjerne vil sjå inn i kyrkja. Fjerne slektningar  frå Amerika er svært interesserte i å få sjå inn, der  t.d. oldefar var døypt eller konfirmert.

På desse opne kveldane er det ein kyrkjevert  på plass, som gjerne fortel  litt om liv og lagnad . Det er personar som kjem inn, som berre har bruk for ei stille stund i kyrkja . Det er høve å tenne eit lys i lysgloben og minnast  ein ven eller slektning.

Hjørundfjord sokneråd er takksame for, at så mange frå kyrkjelyden, har sagt seg villige til å vere  “kyrkjevertar”.

et