Alle foto:  Fred Ingar Somby og Knut Hustad.  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Turstart frå Nordang.  Dato:  14. mai.

Marit Riise 117 copy Kårdalstindane 051 copy (2)
Her er ruta som vi gjekk, frå Nordang i
Norangsdalen, teikna inn med raud strek.

Jakta sett frå sør.  Ruta vi gjekk opp frå Konedalen  er teikna inn med raud strek.  Men likar du større  utfordringar, går du opp frå fjorden - blå strek.

Svigerson Fred Ingar var sikker i si sak der han stod ved den mektige varden på toppen av Jakta: ”Jakta er bautaen over  Sunnmørsfjella”.  Jau, han har nok eit poeng der – Jakta er både høg, heile 1588 m, traust og trygg.  Ho kjem nok ikkje til å dette ned med det første trass i ei opptil 40 cm brei  sprekke i toppområdet.  Det er heller ikkje mykje styr med dette fjellet som ligg ein stad omtrent midt mellom Viddal og Øye ved Norangsfjorden.


Jakta er nok ikkje mykje besøkt vinterstid.  Vading i  djup snø opp  til Konedalen i 700 meters høgde, frå Nordang, er ikkje den likaste starten på ein fjelltur ein kald vinterdag.  Men ventar du til snøen opp til Konedalen har tøya, ja, då har du eit fint toppturalternativ.  Nemnast må også den tøffe varianten - start ved  foten av Jakta ved Hjørundfjorden, finn deg etter kvart ei renne/eit gjel og gå så vidare til topps.  Sjå blå strek.

Jakta 001 copy Jakta 010 copy
Elva ned frå Konedalen kan vere stor og
problem
matisk å krysse om våren, men det er små problem her.
Turen inn Konedalen er ein lett transportetappe.  Opp til høgre rett før det mørkaste fjellpartiet.

Jakta 014 copy
Opp frå Konedalen er det bratt, men her var det gode forhold.  Om ikkje, må
isøks og
stegjarn vere med.  Ein liten quiz;  kva heiter fjellet til høgre?

Det var britane Bowen og Patchell som var dei første kjende som var på Jakta, den 21. august 1896.  Den siste ryggen mot toppen kalla Patchell "en langtekkelig affære"

IMGP1045b IMGP1050b
"En langtekkelig affære", meintePatchell, men
han hadde ikkje ski på føtene...
Godt at det er sett opp stabbesteinar i
toppområdet.

No i midten av mai hadde nok verken Fred Ingar eller eg tekt på at vi kunne møte på eit til dels ishardt underlag, kuldegrader,  sterk vind og snøfokk, men det var akkurat det vi gjorde der vi kryssa oss dei 3 - 400 siste høgdemetrane oppetter ” den langtekkelige affæren” på Jakta før varden tok vel imot  oss.   Men utsikta frå  området er framifrå så langt auget kan sjå, i alle høve heilt ut  dit  Hjørundfjorden rekk og vidare utover mot den store byen og resten av verda.  Det kan vi i alle fall så fast.

IMGP1039b Jakta 022 copy
Ikkje så bratt, men her gjorde eit ishardt underlag
det slik at skia måtte av.
14. mai, men snøfokk og kulde nær toppen.

IMGP1056b
Alltid godt å nå toppen.  Underteikna til venstre, Fred Ingar Somby til høgre. 
Den
svære varden er bygd av Peder Norang og ein nabo i Knutegarden på
Nordang,
truleg i 1880-1890-åra.

Jakta 036 copy
Bratt ned, men så er også utsikta ut Hjørundfjorden framifrå frå 1588 m
høge
Jakta.

Jakta 051 copy Jakta 058 copy
Klar for nedfart.  Skårasalen opp til høgre.

Skikøyrarar har god utsikt på turen nedover.

IMGP1064b
Slogen (t.v.) og Store Smørskredtind ynskjer velkomen ned att.  Også ein
Jaktatur
er best med ski på føtene - utan tvil.