Gunnar-råsa og storenakken.

001

Folket strøymde på i sola oppe ved fonnvernet, dette laga seg til ein triveleg tur.

002

Ingvild og Helga ved gamlebrunnen til Sæbø.

Tenk for ei forandring når det nye vassverket vart kobla til, det var ikkje rart det var mykje koking av drikkevatnet på Sæbø i tida før dette.

Var det i 2000 vassverket vart kobla til skal tru?

003

Liten stopp i granskogen, Frøydis, Fred, Monica, Ingvild og Jorunn(i sola).

004

Bente synest det var betre å flyge, men det var ikkje enkelt å lette.

Du e sprek Bente, kjempa deg opp sjølv om du var tett og forkjøla.

005

Johanne, Ann Helene og Jonny.

 007

Marit ved eit tre som er bøygd etter fonna i 1979, ho huska at fonna gjekk dagen før, og Engesetfonna gjekk om natta.

008

Jorunn, Ann Helene, Johanne og Eirik oppover granskogen.

009

Fort og bratt, Gunnar-råsa er god trim.

010

Ved 200 meters merket er det drikkevatn og sitteplass,

her drikk Rolf seg utyrst av kjelda.

011

Frøydis, Monica, Fred og Kari.

012

Eit bein frå bogen på ein hjort, sau eller kansje ei hulder?

Stig er lege og kan om folk, Jonny er hjortejeger og kan om hjort, men eg og Marit meiner det må vere hulder.

013

Bodil, Johanne og Ingvild ser vidare oppover mot målet.

014

Ute frå granskogen og oppetter lauvskogen, her er det lysare.

016

Litt høgare oppe ser vi Sæbø sentrum.

018

No ser vi det opnar seg ei lysning som fonna rydda i 2009,

då veit vi at vi snart er oppe ved steinen.

021

Endeleg kvilepause ved steinen i Gunnar-råsa, då er det tid for skriving i boka, litt drikke og litt å bite i.

023

Så var det tid for fellesbildet:

Frøydis, Gunnar, Rolf, Marit, Monica, Jorunn, Jonny, Ann Helene, Ingvild, Stig, Fred, Bodil, Irene, Kari, Linda, Helga, Johanne, Bente og Eirik.

024

Så måtte vi ha eit med bakgrunn på, Alle bøygde seg ned slik at vi får med Sæbø.

025

Vidare mot Skonndalen bar det, oppover eit stykke til, så flatar det ut.

026

Alle vart med på heile runda, i godt tempo.

027

Siste biten før Skondalen går bortetter Sæbø- åsen.

029

På rekke nedover mot elva, her er det ikkje grønt graset enda.

028

Flott å fylle flaskene med iskaldt drikkevatn.

Monica, Frøydis og Helga.

030

Over haudet til Helga kan ein sjå toppen av Keipen som stikk fram.

031

Monica med Lissjedalshornet bak seg.

033

Bodil med Dalegubben midt bak i dalen, kansje vi skal gå dit no?

032

Ingvild og Stig ved steinen som markerar 477moh.

034

Gunnar foreslo at vi måtte ha eit fellesbilde frå steinen som vert kalla

Dale- Mannen.

Vi var ikkje tunge å be, sjølv om det vart ein liten omveg.

035

Fellesbilde frå Dale- mannen sett oppafrå.

036

Sjølvsagt eit nedafrå også.

038

Skiltet er kome på plass i Knutsgjølet, der er også litt snøv.

Gunnar og Frøydis.

039

Helga fortalde oss om Risefonna og Knutsgjølet,

dette har ein samanheng om kvar fonnene svingar.

Knutsgjølet var fyllt opp då tok fonna veien nedover Korsen.

043

Vakker utsikt mot fjorden frå Storenakken,

spesiellt med så mange kjekke folk på.

044

Storenakken 475moh, då var det skriving i boka.

047

Flott utsikt framover dalen frå Korsabrua, der er ingressbildet også frå.

050

Det er kansje litt brattare denne vegen men god rås.

052

Det finst framleis gentlemenn som hjelper til over straugjerdet,

Rolf gir Linda ei hand.

053

Så var vi nede på Skogsvegen i Risebakkane, då er der grei skuring resten.

Takk for laget alle !

Neste måndag er det Olavsdalen

VEL MØTT.