Det er med glede at eg har takka ja til stillinga som sokneprest i Hjørundfjord og Storfjorden sokn. Det er ikkje før i byrjinga av september at eg tiltrer i jobben, men eg tenkte at eg kunne sei nokre ord om meg sjølv her på hjørundfjordportalen så folk kan få eit lite glimt av kven eg er.

Eg heiter Espen Aarseth og kjem opprinneleg frå Sandnes i Rogaland, men har farsslekta mi frå Sunnmøre. Eg har vakse opp i ulike kyrkjesamanhengar, men no trivst eg veldig godt som prest i Den norske kyrkja. Eg har utdanninga mi frå Menighetsfakultetet i Oslo, og det er også her eg og kona mi har budd no i fleire år.

Kona mi, Kirsten Ragnhild Grimstad, kjem frå Ørsta, og no som vi har fått ein son på 16 månader, var tida inne for å flytte nærare familien. Vi kjem derfor til å bu i Ørsta, men eg vonar at turen til Sæbø og Bjørke ikkje vil kjennast lang med vakker natur og kjekke folk å treffe.

Det eg liker best med å jobbe som prest, er å treffe folk og slå av ein prat, både om kvardagslege ting og om det som er meir alvorleg. Gudstenesta er også veldig viktig for meg. Her får eg møte ein heilag Gud midt i kvardagen, og eg opplever at det gjev meg meining og glede til å leve det livet eg har fått.

Det er jo spanande å overta stillinga etter ein erfaren og god prest som Rolf Dyrhol, men eg vonar at eg kan få fortsette det gode arbeidet som han har gjort.

Så gler eg meg til å få sjå og treffe alle som ynskjer å kome til innsettingsgudstenesta som nok blir ein gong i september.

Venleg helsing Espen Aarseth