Mange flotte gevinstar og gratis servering fylte grendahuset til siste plass der alt dekkety måtte brukast i matserveringa.

 

Kjellfrid Prestegarden 004 - Kopi

Kjellfrid Prestegarden er glad for støtta til Grendalaget

Kjellfrid Prestegarden, leiar i grendalaget, ønskte folket velkomne og overlet den vidare framdrifta til basarsjefen, Nelly Urke og dyktige åreseljarar og andre medhjelparar.

Dobla omsetning

Dette arrangementet gir det viktigaste økonomiske grunnlaget for grendalaget. I år vart det rekordnotering med solid margin. I høve til i fjor vart omsetninga dobla. Heile 48.000 kr. i samla omsetning og med eit overskot på ca. 42.000 kr. gir grunnlag for god aktivitet også i inneverande år.

 

Basar 6

Basar med årar er kjekt !

 

Mat og prat

Gratis mat, kaffi og brus i pausen gir rom for godprat mellom folket. Ei tilstelling som denne basaren er eit tradisjonelt sosialt forum der bygdefolket treff dei mange tilreisande som jamt sluttar opp om basaren.

At inntektene frå basaren kjem bygda til gode, er med å stimulere kjøpelysta av årer og lodd på bok.  Ei stor dokke med ”all verdens” klesutstyr – inkl. bunad, dåpskjole m.m. – var hovudgevinsten på basaren. Langt på veg eit fritidsårsverk har givaren brukt for å utstyre dokka.  Då var det ein innertiar at ei jente - i rett alder - vart vinnaren var innertiaren.

 

Basar og dugnad 11 004 

Ved årets basar vart alle plassar opptekne. Både store og små trivst på basar.(Arkivfoto)

Kjellfrid Prestegarden og Nelly Urke nytta avslutninga til å takke for gevinstar og kjempeomsetning på det som kanskje seinare vert omtala som rekordbasaren 2013.