(Å smi er ikkje berre smedarbeid. Ivar Aasen si ”Norsk Ordbog” omtalar ordet smide også om det å skjere i tre med kniv, mest brukt vest og nord i landet).

Å pynte maten

Tilbake til gulrota og kniven. Sjå på biletserien nedanfor frå utgangspunktet til ferdig dekorasjon. Tim seier at ho brukar 12 minutt på kva dekorasjon, eit arbeid ho utfører i rolege stunder på familierestauranten ”Gran Familia” – som best kan omsettast til ”Storfamilien”. På ein dag lagar ho 8-12 slike -  når ho får tid til det.

0.

 

Oppskrifta:

Og her er oppskrifta:

1.

Dei første snitta nedover i ytterkanten.  Tynnast øvst.

 

2.

To snittrunder seinare. Det tek til å likne på noko?

3.

Ei runde til. Vi merkar oss spissen og bogen i overkant på kvart ”kronblad”.

 

4.

Ferdig! Seks runder og 12 minutts arbeid som vi skal få som pynt på ein velsmakande rett.

 

5.

Her er den ferdige retten.

 

6.

Detaljfoto av "gulrotblomsten” omkransa med kruspersille.

 

"Eg blir skuffa når den ligg att på tallerkenen", seier Tim. Vi skuffa henne sjølvsagt ikkje!