Ros til Skriftstyret

Det var nær 45 medlemer som møtte på Klubbhuset då leiaren ønskte velkomne og kalla fram skriftstyret for Årboka til blomsterutdeling og takk for velgjort arbeid. Som bakteppe hadde ein ei samla framvising av alle dei 34 utgåvene av ”Frå Hjørundfjord” – Årbøkene frå Hjørundfjord Sogelag.

P1060327

Fem av sju i skriftstyret: Frå v. Johannes Aklestad, leiar Jarle Walseth, Oddbjørg Tvergrov, Lars Kristian Norang og Kjell Inge Bjørke. Leiar i sogelaget, Kari Årsnes har blomebukettane klare.

P1060322

Ei imponerande samling av alle årbøkene som er utgjevne sidan startåret 1979. Det er grunn til å tru at det ikkje er mange - om nokon - sogelag som kan oppvise maken.


Medaljeoverrekking

Ordførar Rune Hovde fekk deretter ordet og han kunne gjere kjent at i dag hadde han den ære å møte på vegne av Hans Majestet Kong Harald. Han hadde med seg Kongens Fortenestemedalje til Jarle Walseth.  Ordføraren rekna opp dei ulike verv og oppdrag Jarle hadde hatt både innanfor idrett, kultur og skuleverk. Men det som er hovudgrunngjevinga for å tildele nokon ein slik medalje, er ein ekstraordinære innsats over lang tid.

 

P1060334

Jarle Walseth får tildelt Kongens Fortenestemedalje av ordførar Rune Hovde.

 

P1060341

Jarle Walseth var både og stolt og glad som mottakar av Kongens Fortenestemedalje. Her saman med kona Inger som nok har måtte "dele" mykje av Jarle si disponible tid med redaktøren av "Frå Hjørundfjord."

Grunngjeving for medaljetildelinga

I heile perioden sidan 1982 har Jarle Walseth vore redaktør av Årsskriftserien frå sogelaget. Dette utgjer 31 utgåver med nær 6300 sider – 23 utgåver med solid innbinding og er eit mønster for mange av sogelaga rundt om i fylket.

Jarle har brukt det meste av fritida si gjennom meir enn halve livet sitt for å utvikle og føre vidare årsskriftserien som starta i 1979 med fire artiklar i eit lite hefte. Det er Årsskriftserien som har lagt det økonomiske fundamentet for sogelaget sitt samla arbeid.

Med ei overtydande grunngjeving fall det ikkje vanskeleg for kongen å tildele og ordføraren å overrekke Jarle Walseth denne utmerkinga. Gratulantar uttrykte til Jarle at dette var vel fortent.

Takksam og glad

Jarle Walseth takka for utmerkinga og tok utgangspunkt i fundamentet for Hjørundfjord Sogelag som Ragnar Standal la ved skipinga av laget. Vidare retta han si takk til dei mange som skriv for årbøkene.  Jarle fekk ståande applaus for sin solide innsats og for sitt sterke medverknad til god omdømmebygging for Hjørundfjord.

P1060337

Saman med sogelaget si stoltheit: Årsskriftsamlinga 1-34.  Frå v.: Kari Årsnes, Rune Hovde, Jarle Walseth og Inger Walseth.


Kåseri om politikk

Gunnar Ellingsen ga dei frammøtte eit interessant oversyn over politisk arbeid i Hjørundfjord frå starten i 1830-åra, framover til kommunesamanslåinga til Ørsta kommune og hjørundfjordingane si politiske rolle i storkommunen.

Årsmøtet i Hjørundfjord Sogelag vart i år mest som ein fest med gode talar og god mat. Årsmøtesakene gjekk likevel greitt unna i sluttfasen. Økonomien i laget er god.

 

P1060326

Det var i år svært god oppslutning om årsmøtet i Hjørundfjord sogelag. Her er ein del av møtelyden.

Det nye styret

Det nye styret har slik samansetting: Leiar Kari Årsnes, med styremedlemene Elling Kvistad, Alexander Riise Olsen, Bertha Saure, Jon Arne Årset, John Urkegjerde og Helge L. Urke.