Honndalscupen har lange tradisjonar og vart starta opp allereide i 1933, same år som Sæbø vart stifta. Allereide i 1934 stilde første Sæbø laget på cupen. Siste cupen vart arrangert i 2006. I år bestemte dei seg i Honndalen for å blåse liv i turneringa att, men dei bestemde og at det no skal vere ein vårcup og siste oppkjøring før sesongen startar.

Vi var 20 mannfrå Sæbø som tok turen til Honndalen på fredag for å spele den innleiande kampen. 4 lag var med i turneringa: Sæbø, Hovdebygda, Hornindal og Sunnylven. Det var trekning helga før og der vart det bestemt at Sæbø skulle opne mot Hornindal på fredagen. Vinnaren av denne kampen skulle spele finale på laurdagen mot vinnaren av den andre kampen. Hovdebygda var på førehand rekna som store favorittar.

047Oppvarming før kampenmot Hornindal. Dei to oppstryningane som spelar på Sæbø har ikkje fått seg opptrekks dressar enno.

Vi hadde spelt ein treningskamp mot Hornindal før i vinter der vi vann 3-0, men då var det fleire som mangla sa honndalingane. Vi var ikkje tenkt å ta lett på det så alle var fokuserte på målsetjinga. I byrjinga var det litt hektisk nokre minutt før kampen satte seg. Sæbø opna greitt og byrja å presse honndølingane, vi produserte mange sjansar men avsluttningane stemde ikkje. I midten av omgangen legg Øvind Wille, den einaste på Sæbø som har spelt i Honndalscupen før, inn frå sida. Trenar og spiss Terje H. Øye dempa ballen på brystet og banka den sikkert inn i mål. Etter dette fekk Sæbø fleire gode og store sjansar. Særleg på cornera og dødballar var vi farlege. 3 gongargjekk ballen i stonga og Terje hadde nokre gode sjansar som ikkje gjekk i mål. Då det var 8 min. igjen før pause var Hornindal på ein sjeldan visitt på Sæbøs banehalvdel. På deira einaste skot på mål den omgangen fekk dei drumetreff på eit langskot som gjekk heilt oppe i krysset. Det blei då 1-1 til pause.

057Trenar Terje H. Øye legg opp planen for å ta Honndalingane i andre omgang. Forsvarsklippe Mats Riise varmar henda i bukselomma då det var ein veldig sure vind med bana.

Andre omgang starta som første. Sæbø skapte mange gode sjansar men fekk ikkje utelling.  Spelarane til Sæbø var litt tafatte i kampen og det var mykje som ikkje stemte. 3 sjansar med nesten ope mål vart skutt utanfor, og vi hadde også 2 skudd i stengene denne omgangen også. 

Sæbø har i år ein god og brei stall. Troppa vi hadde med oss talde 20 mann, av desse 20 så er det 2 frå Oppstryn, 1 frå Oslo og ein frå Herøy, resten er Hjørundfjordinga noko vi er veldig glade for. I år har vi også 5 juniorspelarar på laget. I midten av andre omgangen vart Kristian Straume som kom tilbake frå Ørsta bytt inn og Olai E. Riise kom inn. Begge desse er juniorspelarar. Då fekk vi litt tak i kampen igjen og desse som kanskje dei einaste denne kampen fekk godkjent på innsatsen.

Etter mange mislykka forsøk var det nettopp på ein Corner at vi fekk utteljing. Ballen datt ned på bekerste stolpe og Mars Riise sette den sikkert i mål. Etter dette skapte vi mange sjansar igjen utan å få mål. Då det var igjen 8 minutt kom Hornindal pp ein sjeldan visitt igjen. Keeper Steffebn Wille var uheldig då han skulle fabge opp eit innlegg og klarte å rote ballen i mål. 2-2 var stillinga då kampen var slutt og det måtte straffekonk til for å kåre ein vinnar.

064 Begge laga var nervøse då straffekonken tok til.

Hornindal skulle byrje å ta første straffe. Om det var nervar vites ikkje men skuddet traff stolpen og gjekk ut. Draumestart for Sæbø. Etter dette scora begge laga på straffene sine slik at det blei MAts Riise, Kaptein for dagen som skulle ta den siste og avgjerande straffa. Iskaldt og hardt skaut han ballen som gjekk mellom handa og magen på keeper då han slengde seg etter den, og Sæbø vann kampen. Sjølv om sluttresultatet var 2-2, så hadde Sæbø vore klart best og vann fortjent, sa til og med Honndalingane.

050Oppmann Emile passar på at alle har det bra og er fornøgde. Det var kaldt og sitje på benken denne dagen då det var sure vind. Emile hadde med både pølser og mandariner til dei som satt på benken, noko vi er svert takknemlige for!

Etter kampen drog vi til Stryn der trenar Yngve hadde ordna pizzabuffet til oss. Etter det drog vi opp til hytten på Knausen som vi hadde leigt for helga. Dei fleste var nok slitne etter veka og dagens kamp så alle gjekk tidleg til sengs fredagen. F

På laurdagsmorgon var det frokost som vi hadde kjøpt inn til ilag. Yngve som er trenar og snart lærar i heimekunnskap laga egg på bestilling. Alle fekk speilegga akkurat slik som mødrene heime laga dei

.070Egg og bacon ete alle storlaga i England til frukost før viktige kampar sa Yngve om morgonen. Egga er for å halde fokus og litt bacon gjer at du held ut til slutt. 

På føremiddagen tok dei fleste det heilt med ro og lada opp til kampen som skulle spelast klokka 4. Nokre var i stryn og handla litt kle medan resten sat igjen på hyttene og spelte poker.

Finala skulle spelast mot Hovdebygda. Desse har vore veldig gode på treningskampane i år så vi måtte opp mange hakk skulle vi klare å vinne. Mellom anna slo Hovdebygda oss 5-0 i ein treningskamp tidlegare i vår. Hovdebygda vann sin kamp 5-4 over Sunnylven, men dei hadde leia 5-0 før dei byrja å sleppe inn mål så vi ante ein liten sjanse.

Då finala tok til opna kampen friskt. Det var eit heilt anna Sæbø lag som gjekk på bana denne dagen. Alle var fokuserte og jobba godt. Vi byrja å vinne duellar og spelet satt. Espen Frøland som kom heim frå syden på fredagen var einaste forsterkinga i forhold til dagen før og spelte ein god kamp. Kaptein Mats Riise og Jon Arve Walseth i midtforsvaret var utruleg gode og slepte Hovdebygda nesten ikkje til ein einaste sjanse. Sæbø presse på og skapte store sjansar utan å få uteljing. Stillinga var 0-0 til pause.

073Sæbø keeper Vegard Skorpen er klar til å seoel ut ballen og Sæbø fossar i angrep.

I andre omgan var Sæbø veldig gode og skapte fleire sjansar. Terje H. Øye fekk eit innlegg som han enkelt putta i mål. tter dette hadde vi presset. På ein dødball vat det litt rot og Mats Riise fekk tak i ballen og skaut den i mpl. Sæbø leia kampen 2-0 når det var 20 min. igjen å spele. Det som var kjekt å sjå i denne kampen var kor tende og fokuserte alle mann var. Sjølv om vi bytta over 8 mann i løpet av kampen så datt verken nivået eller intensiteten. Alle fekk meir enn godkjent på innsatsen i dag.  Då det var igjen 7 minutt fekk Hovdebygda ei utligning men dette var litt imot spelets gang og sigeren var egentli ikkje trua. Sæbø vann finala til slutt 2-1! Og det var stor glede i Sæbø leiren.

078Vinnarlaget! Bak frå Venstre: Yngve Frøland, Mats Hustad, Stig Harald Myklebust, Jon Arve Walseth, Kim Tvedt, Terje Haugen Øye, Alex Riise Olsen og Kristoffer Walseth. Framme frå venstre: Vegard Skorpen, Tarald Harstad, Olai Eikrem Riise, Jakob Hauge Mo, Tommy Riise Olsen, Mats Riise, Steffen Wille Ytterstad, Øyvind Wille, Martin Sandbakk, Espen Frøland, Eivind Dimmen, Kristian Straume og Bjørnar Holen.

Etter kampen drog vi opp på hyttene og dressa oss opp, før banketten som skulle haldast på reaftevold seinar. Når vi satt på hytta kikka vi litt i jubileumsboka til Sæbø IL. Der kom vi over eit bilete frå 1953, då Sæbø også vann Honndalcupen. 7av spelarane på Sæbø hadde besteforeldre som var med å vann Turneringa for 60 år sidan så dette ligg vel i slekta for nokre av oss.

På banketten oppførte alle seg fint og vi fekk beskjed om at vi var velkomne neste år også. Ein uavhengig jury hadde ansvar for å kåre turneringas beste spelar, og det blei i år Terje H.Øye frå Sæbø IL. Det var stor stemning på hotellet og kan vel tore å seie at Sæbø vann banketten også!

Ei strålandes kjekke helg med verdens kjekkaste gjeng var dermed eit faktum. Trenar i år på Honndalen er Ed Nordang fræ Øye med mange år bak seg som Sæbø spelar. Ed kunne ikkje vere med på turneringa i år men Honndalingane likte så godt Bondalssongen at dei ringde opp Ed, slik at han også fekk høyre den. Det kom ei tåre i augekroken var Eds kommentar i telefonen.

119Årets Sæbø lag er veldig bra og vi gler oss til sesongen tek til. Jenny orka ikkje ta turen til Hornindal i helga men gler seg stort til sesongen tek til og ho skal heie på alle "onklane" på Sæbø i sommar. Ho har til og med skaffa seg skikkeleg Sæbø drakt!