Alle foto:  Knut Hustad.  Klikk på fotoa for å få dei i stort format.

Nordre Sætretind 043 copy
Ein blid, men ukjent herre på toppen av Nordre Sætretind, tysdag 26.3.12

Vi har hatt så mange finevêrsdagar i det siste at vi knapt kan hugse at det har vore grå dagar og nedbør av betydning.  Og desse dagane har skifolket både brukt- og sett stor pris på, men kvar finn vi dei beste skiforholda no?

Underskrivne har fått både telefonar og e-postar som tyder på at mange skifolk saknar ein stad der dei kan finne informasjon om skiforholda i fjella vore.  Mange meiner, med rette, at Hjørundfjordportalen burde ha vore ein slik stad.  Men så er det dette med kapasitet....

Likevel kan eg prøve å hjelpe litt til - om eg først får hjelp av dykk.  I dag, skjærtorsdag, har eg sjølv ikkje vore på ski, men eg har sett at mange har teke turen innover i Kvistaddalen, sikkert mot Skårasalen, og eg såg også at 10-15 personar var på veg mot Grøtdalstinden.  Var du ein av dei desse personane, eller la du vegen til ein annan topp som Saudehornet, Randers topp, Kolåstinden, eller ein annan topp?  I så fall  vil eg setje stor pris på om du sender meg ein sms, eller ein e-post - gjerne med foto - så skal eg legge ut litt informasjon her på denne sida.

Telefonnummeret mitt er 920 39767, e-post:  knut.hustad@tussa.com

Nordre Sætretind 048 copy Skårasalen til Skår 005 copy
T.v.:  Ei isøks kan vere fin til å opne boksa med energidrikk.  På fotoet ser vi Fladalen under til høgre.  På fotoet til venstre ser vi at Fred-Ingar Somby ( på varden) og Ole Sunde speidar etter fleire skientusiastar.  Fotoet er frå Skårasalen torsdag 21.3.12

Litt om skiforholda slik dei var før skjærtorsdag


Denne skrivaren likar orda pudder- og pudderalarm svært dårleg.  Det er fordi orda har vorte misbrukt i ulike media i lang tid.  Det er ikkje nødvendigvis pudder  fordi det er noko lausare snø her og der.  Men for all del - kulden i det siste har gjort at skiforholda har halde seg overraskande godt.

Kvanndalen
Rundt forrige helg, dvs. den 16. og 17. mars var det glimrande forhold i fjellet, kall det gjerne pudder.  Også sist helg, dvs. søndag den 24. mars var det gode forhold øvst på brefallet under Kolåstinden, men heilt nede var forholda vanskelege p.g.a. svært mange skispor, litt soloppvarmning om dagen og kalde netter.  Fladalen - austvendt - hadde også svært gode skiforhold så seint som laurdag den 23. mars, men på tysdag var der svært så mange skispor (sjå under) og oppkjørt sjølv om der var mykje laussnø også.

Lisje-Skåradalen
Torsdag for ei veke sidan rann vi heilt ned til brua (men ein del is og gras i den nedste delen - lite snø).  Gode forhold då, men ein merka godt harde snuklupar under laussnøen p.g.a. tidlegare skred.  Sikkert noko oppkøyrt.  Framsida av Skårasalen, mot Kvistaddalen, hadde berre eitt skispor ned sist søndag. (24.3) og er eit noko meir utfordrande alternativ når det er låg skredfare slik det har vore siste dagane.

Skårasalen til Skår 001 copy Nordre Sætretind 025 copy
T.v.:  Ein av ryggane/rennene under Skårasalen kan vere eit godt alternativ under skredtrygge forhold.  T.h.:  Klikkar du på fotoet vil du sjå at Fladalen under Nordre Sætretind har hatt mange besøkande i det siste.

Grøtdalstinden
Grøtdalstindane/områda rundt, frå Holen/Lissjedalen i Bondalen har vore eit svært godt alternativ i mange år, men få har oppdaga det.  Men slik er det ikkje no lenger.  I sida frå Lissjedalen og mot toppen av Nordre-Grøtdalstind har det vore svært mange spor dei seinaste dagane.  Noko oppkjørt no?

Har du meir informasjon om t.d. Saudehornet?

Nord- og austvendte sider best
Som vanleg på denne tida av året er det dei nord- og austvende sidene/dalane som har dei beste nedkøyringane p.g.a. at sola når lite til her. 

Men kvar finn vi slike dalar, renner og sider med laussnø utan eit einaste skispor no?  Sei det - i så fall må det vere frå lågare toppar, men har snøfallet i går og i natt gjort skiforholda fine igjen?  Her må vi hjelpe kvarandre, send ei melding så kan eg altså legge ut her.

Skredfare

Til no i påska har skredfaren nesten vore så liten som den kan når det trass alt er laussnø i fjellet.  Klikk på varsom.no  Akkurat no er det grad 2.  Låg skredfare i skrivande augneblink, ja, men ta skredfaren på alvor og sjekk.

Til slutt eit par-tre foto av ein skikøyrar på veg ned frå Kolåstinden sist søndag: 

Kolåstinden 049
Klar, ferdig....

Kolåstinden 054 copy Kolåstinden 057 copy
Ingen problem, som forventa...

Ein ting er sikkert - det er fantastisk med ski, både til bortoverbruk og oppoverbruk.

P.s.:  Vi treng sjølvsagt informasjon frå voldafjella også, t.d. frå Eidskyrkja, Sunndalsnipa osb.

-----------------------------------------

Klòvtinden 024 (2)
Nedkøyring frå Klovtinden - ned gjelet mellom Klovtinden og Kopphornet.  Fantastiske forhold langfredag.

--------------------

Kristian Østgaard har hatt ei fantastisk påske i Hjørundfjordfjella.  Sjå under.

Skal vi tippe at dette er foto frå ein tur til Randers Topp?

Påske 2 Påske 9
Til venstre: Folksomt var det i fladalen søndag 24/03, her var det godt oppkjaurt, men påskestemninga var høg. Sondre Eikås og Håvard Sandvik i spore på veg opp. Til høgre:  Katrine Østgaard nyt sola og den flotte utsikta frå 1414moh på Randers-topp, mange besøkte toppen denne dagen, 29/03.

Påske 4

Underteikna i lag med systra (Katrine) frå det kjende platået på Randers same dag.

Påske 6

1. April, siste dag i påska vart brukt ombord i safier saman med sveitsarane og eit par venar. Me fekk segla på små grele inn til Skår, der vart det som du ser på bilete blikkstille hav. Turen gikk til Viddal. Ei fantastisk flott skute.


Påske 7 Påske 3
Til venstre:
  Joakim Skår Ville på veg opp til Skårasætra 25/03, der hadde Johan Skår gått opp før oss og fyrt opp i selet. Til høgre:  Toppen på Nordre Sætretind var fin å nå med ei isøks å halde seg til. Sondre Eikås i bilete på veg nedatt.


Påske 1 Påske 5
Til venstre: Dukhornet den 23/03 med tilnærma urørt pudder. Her i lag med sveitsarane ombord i seglskuta safier som hadde hatt ei fantastisk vike i fjella våre vika før påske. Til høgre: 
Per Terje Haugen nyt dagen på Svinetind, vindstille og sola varma godt på toppen. 31/03 var det lite besøkjande denne dagen i forhold til mange andre toppar.


Påske 8

Sondre Hovdenakk nyt utsikta over Bondalen frå Blåfjellet, himelseglarane kom like i helane å laga eit flått skue på den knallblå himmelen den 26/03



Tusen takk for tilsendte foto eg fekk på e-post.  Send gjerne namn på både toppar og folk så skal dei kome under fotoa.