Påske!

Vi startar med påskemenyen.

mars 13 086

Som de ser skal det ikkje mangle på velsmakande mat i påskehelga.

Tilberedt på husets kjøkken.

mars 13 046

Inger bakar gjerbakst til kaffien.

mars 13 071

I andre etasje har vi "fått" nytt kjøkken ,

der vi skal vaske opp sjølve som eit ledd i spareplanen til kommuna.

Asbjørg testar ut vasken.

mars 13 055

Sigve har hatt hendene fulle med det nye kjøkkenet.

mars 13 015

Og her skal serveringa vere, nye skap og kjøleskap ved serveringsbordet.

Asbjørg sjekkar bestikkskuffa.

mars 13 025

Her er Edel i full sving med pynting av borda til påske,

kjekt med fine serviettar og blomster no.

mars 13 030

Velkomne til bords!

Oddny og Margit ventar på serveringa.

mars 13 079

Solveig blomstrar i lag med påskepynten.

mars 13 080

Solveig og Audun kosar seg på stova.

mars 13 083

Mary sit i godstolen og strikkar.

mars 13 082

Reidun gler seg over påske med mykje helgedagar og festlege stunder.

mars 13 081

Anna strålar i kapp med sola.

mars 13 078

Janniche og Arne har funne fram påskekyllingar å pynte med.

mars 13 031

Jofrid og Ragnvald ved påskepynta frukostbord.

mars 13 084

Reidar er klar til påske.

mars 13 026

Jofrid og Sigrunn i sofaen på stova.

Ut på tur, aldri sur!

mars 13 008

Kirsten er klar til tur, sola skin men det er skarpt i lufta.

mars 13 010

Karoline og Inga sit klar i bilen, kjekt å vere på tur.

mars 13 011

Margit synest det er triveleg å fare på turar i området.

mars 13 012

Jofrid er godt kledd i kulden, Marianne er klar til å starte.

mars 13 014

Liten stopp i sola på Bondalseidet, Mercedesen er god å ha, og flittig i bruk.

mars 13 007

Oddny, Marie og Sigrunn kosar seg i sola.

mars 13 056

Presten, Rolf Dyrhol kom før påske og heldt andakt med nattverd,

Som alltid, set bebuarane stor pris på denne stunda.

mars 13 001

Øystein Dahle Egseth kom å heldt konsert  med flotte kjende viser.

mars 13 003

Haldis, Inga, Oddny og Sigrunn nyt musikken.

mars 13 004

Sigrunn, Astrid, Marie, Jofrid og Kirsten.

mars 13 005

Sylvi, Tordis og Else gler seg over vakker musikk.

mars 13 020

Hjørundfjordkvintetten spelte vakre tonar på laurdag ettermiddag.

mars 13 022

Mykje folk som flokkar seg seg rundt kvintetten.

Alltid stas med konsertar.

mars 13 017

Barnekoret syng så flott, vi kosar oss kvar gong dei kjem.

Kvardag!

mars 13 037

Ragnar og Baldrian tek middagskvilda i lag.

mars 13 062

Mange gode historier, oss to "karane i mellom".

mars 13 044

Solveig oppdaterar seg på siste nytt frå Sunnmørsposten.

mars 13 042

Inga får stellt føtene sine med fotterapeut Haldis

på fotterapiromet vårt.

mars 13 049

Astrid og Mary i godstolane sine.

mars 13 061

Leif les siste nytt.

mars 13 065

Stokkegjengen kosar seg med spel i lag med bestefar Arne.

mars 13 063

Cecilie er lærlingen vår, her trimmar ho damene på Dalastova.

mars 13 041

Smilande og blid, slik er vi vant å sjå Randi.

mars 13 048

Ein liten pust i mellom slaga må til.

Jeanne, Birgit, Asbjørg, Monica og Torill.

mars 13 047

Oddhild kjem med posten, ho er alltid beredt og

fiksar det meste i ein fei.

mars 13 051

Sigrunn held orden på golva, kleda og

det meste anna, driftige damer på vaskeriet vårt.

mars 13 068

Ein god latter forlenger livet, og smittar på oss andre i tillegg.

Torill og Leif.

mars 13 054

Bjarte har favnen full.

Petra og Unni.

GOD PÅSKE VIDARE

FRÅ ALLE OSS PÅ HJØRUNDFJORDHEIMEN.