Når gamle-presten Arne Svilosen er på våre kantar, så er det kjekt at vi også får til ei samling der han og kyrkjelyden i Hjørundfjord får møte kvarandre. Difor byd Hjørundfjord sokneråd inn til temagudsteneste denne søndagskvelden.

Då skal vi kaste lys over temaet: ”Bygge kyrkjelyd i folkekyrkja.” Med dette i tankane vil Arne preike over teksta frå 1. Kor. 12. 4 ff. om kroppen med dei mange lemmene.

Etter gudstenesta er alle velkomne til Bedhuset, og kvelden vil by på godt høve til å møte Arne ansikt til ansikt, for soknerådet byd inn til "kveldsmat" etter at gudstenesta er over.


Arne Svilosen kom som sokneprest til Hjørundfjord i 1977

Nyepresten som tok over etter sokneprest Ottar Berge i 1977, var berre 29 år. Ein ung familie på tre kom til bygda og busette seg i presteboligen. Familien Svilosen fann seg fort til rette og Arne vart ein prest som fekk god kontakt med folk. I Hjørundfjorden var han i 10 år til 1987, og han har uttalt at han og kona har lagt att ein del av hjarta sine på Sæbø og i fjorden. Her vart også familien større etter kvart.

Etter ti år som sokneprest gjekk ferda vidare til austlandet, der han vart sokneprest i Ringsaker, samt kapellan på Lillehammer. Etter den tid vart han prest for Distriktskommando Østlandet, stabsprest og seniorprest i Hæren, og feltprost i Forsvaret. Han var leiar av den religiøse tenesta under OL på Lillehammer og har også vore rådgjevar for forsvarssjefen i etiske og religiøse spørsmål.

I forsvaret var han og stasjonert i utlandet og seinare har han vore sjømannsprest.

Arne har i tillegg til sin teologiutdannelse gått på Forsvarets høgskule. Han har vidareutdannelse i personalutvikling og ledelse, pastoralklinisk utdannelse og familieterapi, samt diverse kurs i ledelse.

Det er ein svært erfaren prest som vender tilbake til sitt gamle sokn for å møte kjentfolk, frå den tida han var busette i Hjørundfjorden.


Familien-Svilosen-portal

I 1977 kom familien Solveig,Trond og Arne Svilosen til Hjørundfjorden. Den unge presten på 29 år kom nyutdanna til eit stort og krevjande sokn, der han utførde prestegjerninga si på ein likandes måte. Foto A.Hustadnes

Dei godt voksne som huskar den tida Arne var her, har eit svært godt forhold til Arne, og sist i 2009, under Hjørundfjorddagane, hadde han ansvaret for gudstenesta og der var over 300 frammøtte som kom til kyrkja denne dagen.


Soknepresten fekk hjelp i kyrkjearbeidet av ein nyinnsett Diakon

Prost,-diakon-Aamås-og-sokn

Tv. står prost Gunnar Skrede, Diakon Knut Åmås, Sokneprest Arne Svilosen.Mannen i bakgrunnen, mellom Knut og Arne, var diakonikonsulent i Bjørgvin bispedøme, som vi den gongen høyrde til. Foto Anders Hustadnes


Velkomen til ei aktuell kveldsgudsteneste med sosialt samvær etter gudstenesta på Bedhuset!


Helsing Hjørundfjord sokneråd.