Som de kan sjå er det god plass mellom den gamle riksvegen og elva på eigedomen til Marta og Karl Frøland.

IMG_0006

I framgrunnen kan eg kjenne at Arne Riise i topphue med kvit kant. Ein viss kjend gynekolog, Ottar Rekkedal kan eg også  sjå. Kjenner du fleire?

IMG_0004

Her er mange kjende fjes for oss som er lett aldrande. Eg kan mellom anna sjå Borgny Mo, og Nikoline Holen som hallar på hovudet. Ho stilte med ei gråkolle som eg hugsar vart premiert. Her er det mange som er spente på resultata.

IMG_0009

Eg kjenner i alle fall nr. 2, Andreas Kvistad , med kallenamnet"Bols" og 3, Simon Aklestad, som kosar seg i vegaskråninga.

IMG_0008

Her eit miljøbilete, kanskje frå same tida. Karl Barstad, "Rongakalle" til høgre som sikkert er på Kvistad hos Jakob Kvistad "Dresen" med ei purke som skal ha sitt frå  rånen til Jakob. Tvergarden i bakgrunnen.

Som de ser så gjeld det å ta seg tida til å hente fram fotoapparatet.


Kjekt om de kan kome med kommentarar om personar og tid.

Det er i alle høve spennande for kvar konvolutt med negativ eg opnar frå det store arkivet til Anders Hustadnes.