Logoen til no

 

Namnet Urke Utvikling SA uttrykker vilje til å sjå fram og opp mot ei god utvikling i grendene ved Norangsfjorden. I første omgang, seier vedtektene, skal ein legge til rette for turistferdsle i området. Målet er at tiltaket skal kome medlemene til gode.

Helge Ramstad portrett 

Helge Ramstad er nyvalt leiar som ser for seg ein krevjande arbeidsperiode, men er glad for den oppslutninga Urke Utvikling fekk frå første stund.

Det vart understreka at ein ikkje må sjå for snevert på berre hurtigrutepassasjerane som kjem med full tyngde til hausten. Vi merka oss at grunneigarane  startar opprusting av kaihuset til eit ”lite stykke Norge”, som det vart sagt. Ei positiv utvikling vil ha stor innverknad på verdifastsettinga av tiltaka og eigedommane i bygdene.

 

Skipingsmøtet – ein heilt spesiell prosess – fekk på plass ein solid  arbeidskapital gjennom andelsteikninga på møtet. Dessutan var alle vedtak som vedkjem vala og dei andre vedtak var samrøystes utan motforslag. Berre det viser ein vilje til innsats og semje om kva veg foretaket skal gå.

 Fire styremedlemer

Fire av dei fem styremedlemene. Frå venstre Nelly Urke, Torbjørn Urke og Helge L. Urke. Lengst t.h.: Helge Ramstad. Claus Urke er den femte i styret, men er ikkje med på dette biletet. Foto: Torbjørn Urke.

IMG_1800

På bakre bordrad ser vi at det er god konsentrasjon om sakene: Frå v. Nils Håndlykken, Erling Berg, Johannes Halland, Claus Urke (medlem i det nyvalte styret), Kåre Jon Berg og Janine Berg (1. vara til styret). Foto: Torbjørn Urke.

IMG_1801

På nabobordet mangla det heller ikkje på engasjement i det som vart sagt. Frå v: Asbjørn Urkegjerde, Johan K. Skår og Borgar Berg. Foto: Torbjørn Urke

Dagen etter skipingsmøtet vart dei omfattande skipingsdokumenta gjennomgått av eit revisjonsfirma og ekspederte til Brønnøysundregisteret same dag. Ein flygande start med eit godt grunnlag for vidare arbeid.

Det nye styret har slik samansetting:

Helge Ramstad (leiar), Nelly Urke, Helge L. Urke, Claus Urke og Torbjørn Urke. Varafolk: 1.Janine Berg, skal møte fast i styret, 2.Tone Petra Rønning, 3.Kjellfrid Prestegarden, 4. Kåre Myklebust og 5. Per Urke

Kaihuset på Urke

Kaihuset skal pussast opp så det monnar.

På skipingsmøtet til Urke Utvikling SA på søndag, vart det opplyst at grunneigarane har sett av midlar til ei full opprustning av kaihuset på Urke. Hurtigruteselskapet ønskjer å presentere "eit lite stykke Noreg" her. Kanskje kan dette få preg av eit lite bygdemuseum med eit par gamle foto i kjempeformat på veggane, nokre reidskap som vart brukte på gardane kunne utstillast; potetgrev, hestesele, miniatyr av gamlekaihuset grindverk, stor navarar, bismar, koler og andre høvelege gjenstander.

Underteikna kunne tenkje seg at mursteinsmurane vart grovpussa innvendig og måla i lys grå eller kafelatte. Taket måtte isolerast og panelast. Ein nymotens god vedomn med glasdører kunne vere hovudvarmekjelde og skape god stemning. På golvet grov flis og grove langbord og benkar.