Sist sommar reiste nokre museumsfolk rundt om i Møre og Romsdal for å sjå etter spesielle gjenstandar i fleire kyrkjer, m.a. tok dei turen til Hjørundfjord kyrkje på Sæbø.  Nærast ved eit tilfelle vart dei merksame på ei spesiell steinhelle som låg like inntil kyrkjetrappa.   Kva slags helle kunne dette vere? Fleire undra seg  på dette.

Inge og prest 037 copy
Sokneprest Rolf Dyrhol står her ved steinhella som truleg er eit gammalt alterbord

Men  Ottar Berge, sokneprest i Hjørundfjorden 70-talet, er ikkje i tvil om at steinhella er eit alterbord.  Som nytilsett sokneprest, vart også han merksam på hella som sjølv den dag i dag nærast vert brukt som trappehelle.  Han undersøkte hella og oppdaga eit innhogd krossmerke oppe i høgre hjørne, noko som er eit godt bevis for at hella ein gong var eit alterbord.  Kvar dette alterbordet kjem ifrå, kan sjølvsagt ikkje Berge seie noko om, men mest nærliggande er det nok å tru at det kjem frå kyrkja som stod på Hustad fram til ca. 1570-talet.  Berge tok i si tid saka opp i soknerådet, men interessa for å gjere noko var heller laber.  Så har nok både sak og helle/alterbord igjen gått i gløymeboka.

At hella no vert trekt fram i lyset igjen, gler no den tidlegare soknepresten i Hjørundfjorden.  Han fryktar nemleg at om ikkje noko vert gjort for å ta vere på denne kulturskatten så vil alterbordet verte fjerna frå staden og gøymt bort på eit museum langt borte.  Til hjorundfjord.no seier Ottar Berge at det sjølvsagt må vere opp til kyrkjelyden/soknerådet å avgjere kva ein skal gjere med hella, men rådet hans er at det vert vedteke eit bevaringsalternativ. -  Kanskje kan steinhella/alterbordet verte sett opp inne i kyrkja igjen? undrar han.

Ivar Svein Mo er medlem i dagens sokneråd i Hjørundfjord kyrkje.  Han fortel til hjorundfjord.no at steinhella/alterbordet vart drøfta på siste soknerådsmøtet og det vart der vedteke at steinhella/alterbordet skal takast  vare på- og flyttast inn i kyrkja.  Etter kvart vil soknerådet bestemme seg for på kva for måte alterbordet skal takast vare på. Mo kan også opplyse at i kyrkja ute på Vigra vart det for nokre år sidan ”funne” ei same type steinhelle.  Denne steinhella har no kome på rett plass igjen - som alterbord i kyrkja der ute.

Alterbordet i Vigra kyrkje
Det gamle alterbordet på Vigra som no er plassert i kyrkja der.  Gropa i bordet omtrent midt på steinen syner at dette alterbordet er frå katolsk tid.  Foto:  Kjell Arne Årseth