Vi har kvart år sett behov for å tynne ut skogen og det har vorte rikeleg med juletre som vi har gitt vekk. I år prøver vi oss med litt sal  -  seier Caroline Hjellegjerde på Vatne i Åmdalen.

Ho og mannen Hallgeir Aam har hogdt 20-30 juletre som dei byd fram for sal. Vi har lagt oss litt lavt i pris sidan vi ikkje har investert i pakkemaskin. Og for å innarbeide oss litt på marknaden, er prisen kr. 250 henta  og kr. 300 levert.

IMGP4027-2

Vi har både furu og gran, seier dei to juletreseljarane på Vatne, mamma Caroline og Sigurd (3). Sidan pappa Hallgeir jobbar på Sæbøskulen og Sigurd er dagleg i barnehagen på Sæbø, ville det ha vore kjekt om folk på andre sida av Eidet, tok turen innom og fekk seg juletre frå Vatne i år, seier Caroline.

Caroline er klar over  at det kan verte litt vanskeleg for folk å få med seg juletreet i bilen når det ikkje er pakka i nett, men som ein kompensasjon, så tilbyr dei levering i Ørsta-Volda og Bondalen på førstkomande fredag.

Vi held til på Vatne i Åmdalen og folk finn oss i krysset, nedom vegen, som gjeng inn til Vatnedalen. I desse førjulsdagane så er vi heime og kan vise fram trea til dei som ynskjer å sjå på det vi har å tilby. Vi har både gran og furu, og trea er berre nokre dagar gamle, så vi meiner vi har eit godt produkt , seier ho.

Velkomen til juletrehandel på Vatne . Ring oss på tlf.93431221