Sigmund Årseth vart fødd her i Hjørundfjorden i 1936.  Onsdag 12. desember kom den triste meldinga - Sigmund var død.

163 (2)
Sigmund Årseth er død, 76 år
gammal

Sigmund Årseth var utan tvil verdsmann.  Han ville sjølv ikkje likt ordet, men han var Hjørundfjorden sin største kjendis.  Han kjende svært mange, både i inn- og utland - og minst like mange kjende han.  Som vi veit var Sigmund kunstnar.  Vi kjenner han best for dei flotte måleria han laga, også dei med motiv herifrå Hjørundfjorden, men han hadde også t.d. kurs og dekorasjosnoppdrag i mange statar i USA.

Sigmund vart sett svært stor pris på av mange og han fekk også St. Olavsmedaljen.  Men det eg hugsar han mest som, er mannen som brydde seg. Han visste svært godt kvar han kom ifrå og sjølv om han var ein svært travel mann, brydde han seg om kvar enkelt av oss. Siste gongen eg fekk treffe han, var i sommar - i inngangsdøra til Bellingen på Sæbø.  Hadde eg tid til å vere med ein tur utanfor? Som vanleg var Sigmund full av planar og idear.

Så vart det eit handtrykk og eit på gjensyn.  Det vart det diverre ikkje.  Som så svært mange andre tillet eg meg å kalla Sigmund min gode ven. No må vi greie oss utan denne heidersmannen frå Hjørundfjorden og Valdres.