IMG

Dette er takmåling i Arnefjøsen på Moane. Det var første fjøsen som hadde isopor i taket. Målinga var gratis, då det var demostrasjon av ei ny måling. Asbjørn Hjorthaug høyrde svigerfaren Sverre snakke om dette fleire gonger.

Dei flytta inn i 1963, så biletet er frå 62-63. Frå venstre ser ein Arthur Gjerde, nr 3 er Anstein Aklestad og Ole Halsen. På spørsmål om det kunne vere Matias Eide, så meinte han at han høyrde at han deltok, men det er litt usikkert.


 

IMG_0016

Staden er Stokke, temaet er heilt sikkert skogkultur. Eg kan kjenne att Jan Modell og Birger Elden, og Edvin Krøvel. Kjenner du fleire, og kva tid?

Edvin Krøvel har opplyst meg om at det var premieutdeling etter ein skogblinkingskonkurranse i eit granfelt på Halsen. Han med pipa er Hans Berg. Han med papiret er bestyrar på skogplanteskulen, Odd Woldseth. Bak han står fylkesskogmeisteren. Han i hatt er Tor Lillemark. Framlutt i lys jakke er Birger Elden. Bak han sit Torstein Wist. Nærast på benken sit Jan Modell. Elden og Modell spela fotball på Sæbø i fleire år. Biletet frå før 1960, meinar Krøvel.

IMG_0021

Me er på Viddal, det kan eg sjå , men kva skal dei, og kven er dei, kva tid?

IMG_0003

Her har Anders sikta litt dårleg, men kjenner du denne guten?

IMG_0005

I desse hurtigrutetider er det kjekt å vise eit bilete frå ei tid då ein og anna turistbåt slang innom Hjørundfjorden. Kjenner du båten?

IMG_0003

Olav Sæbønes og Moabakk- Sverre er enkel  å kjenne att, men kjenner du fleire. Kva tid var dette? Motivet er ved Hustadbrua.

Ørnefangs på Trandal 1958

Året er 1958, det er tidsett. Skyttaren heiter Rønning. Fornamn?

Eg hugsar at eg såg ørnene henge på samvirkeveggen. Skotpremien var 100 kr pr stk. Det var mykje pengar den gongen. I dag hadde han fått mange år i fengsel.

Om responsen vert god kan det kome meir. Me har mykje på lager.