Dårleg lys på bileta i dag, men dei får duge...

Nerland

Gry Nerland kom frå Nerlandsøy med nydeleg keramikk.

 Oversikt

28 utstillerar fordelt på 15 plassar. Mykje flott handarbeid i forskjellige teknikkar.

  Tradisjonsmat

På bedehuset var det tid til mange gode samtalar i dag. Olaug Myrhol Hatløy har skrive kokebok i lag med Ingebjørg Lyster. Tanta, Berta (Myrhol) Stokke, er med i boka. 

 Nilsbuda

Varer til liten og stor

Messe

Besøkande frå nær og fjern. Mange vil finne  gåver frå messa på Sæbø under juletrea i år. 

Rønning/Viddal

Utstillerar frå Urke (Dorit Rønning) og Viddal (Siri Roset Viddal).

Messe

Mot slutten av messa var ikkje salsborda så velfylte som tidlegare på dag.

I kjellarstova var det og aktivitet. Kaffi og kaker gjekk unna og loddsalet, med gevinstar frå utstillerane, gjekk godt det og. 

Tusen takk til alle gjester og utstillerar for ein triveleg dag.