Elverampa tursti.

006

Magnar og Gunnar er flittige brukarar av elverampa, også mange andre tek ofte trimturen på denne flotte turstien, gjerne med runda om Sæbø.

 Laurdag kl 1500 må du ta turen på elverampa. Møt opp ved klubbhuset og registrer deg, så er du med på trekking av flotte premiar.

Nytt av året er at dei som vil kan vere med på hjertequiz undervegs,

 då får du eit svarkort ved start.

Du bestemmer sjølv kor langt eller kor fort du vil gå, om du vil gå i flokk eller åleine.

Etter turen vert det sal av mat og drikke på klubbhuset, og tid for ei sosial ykt.

Vi har mange flotte gevinstar som vi skal selje lodd på, og trekkinga vert utpå ettermiddagen.

004

Ståle, Kira og Rolfen på strandpromenaden.

Du kan gjerne gå runda nedom Hjørundfjordheimen der rosene "blømer" og vi nyst har fått lagt asfalt på strandpromenaden.

 

VEL MØTT!