Fordelinga av midlane er slik:

Sæbø I.L.                        org. nr. 975 577 643     kr. 98.285,-         

Sæbø skulekorps              org. nr. 981 176 278     kr. 40.433,-

Bondalen helselag            org. nr. 993 605 883     kr.  8.201,-

Hjørundfjord kulturvernlag  org. nr. 988 359 130     kr.  2.435,-

Bondalen Frilynde Ungdomslag org. nr. 997 508 386  kr. 310,-

Tusen takk til alle dei som har registrert desse laga som grasrotmottakar på spelarkortet sitt!

Pengane kjem godt med for dei som skal halde liv i frivillege organisasjonar.

Lag og organisasjonar som vil ta imot sin Grasrotandel har registrert seg i Brønnøysundregistrene. Dette er ein føresetnad for at du skal kunne gi dei di støtte.

gras

Dersom du ikkje har registrert ein grasrotmottakar i kortet ditt kan du gjere det neste gong du tippar. Det kan då vere lurt å ha med seg organisasjonsnummeret til laget du vil støtte.

Du kan berre støtte eit av laga om gongen, men du kan byte på kven du vil støtte. Det vil seie at du kan gi kvart av laga di støtte kvart sitt år, eller kvar sin tredel av året, eller rett og slett bestemme at all di støtte skal gå til eitt lag alltid.

Dersom fleire familiemedlemar har kvar sine spelekort kan det vere ein idé å registrere kvar sin grasrotmottakar dersom familien er medlem i fleire lag.

Er du busett på Lindesnes, eller nær Nordkapp, er det ingen ting i vegen for at du allikevel kan støtte lag på Sæbø.

Om du taper noko på dette?

           Neida!

           Dersom du vinn i Lotto er heile gevinsten din.

 

Om det vert dyrare for deg å tippe?

           Neida!

           Du betalar det du vanlegvis betalar for å tippe.

           Norsk Tipping reduserer overskotet sitt ved at 5 % av innsatsen din går

           direkte til din grasrotmottakar.

 

Om det vert pengar av dette?

          Ja, det ser vi heilt klart!

På vegne av alle registrerte lag og organisasjonar i Hjørundfjord ber eg om at du som tipper registrerer ein grasrotmottakar slik at sårt trengte kroner kan kome lokale lag og organisasjonar til nytte. 

 

Grasrotandelen