MS Lofoten vart bygd i 1964 og er med det det eldste av hurtigruteskipa.  Dette skipet er det minste av skipa i hurtigruteflåten også, men mange av oss meiner likevel at dette er det vakraste skipet.

Hurtigruten II 039 copy
MS Lofoten på veg inn Norangsfjorden.  I bakgrunnen ser vi Skår.

I dag var det 3. dagen med hurtigruteskip inn Hjørundfjorden.  Oddvar Olsen med mannskap hadde på nytt pynta skyssbåten MS Hjørundfjord slik at han kunne ta imot huirtigrutepassasjerar på Urke på ein hyggeleg måte og frakte dei til lands.  Alt gjekk sjølvsagt utan problem. Olav Klokk og Torbjørn Urke var to av guidane som tok imot folket og synte dei rundt på ein dag som også var bra vêrmessig sett sjølv om skodda og skyene dekte dei høgste toppane.

Fotoserien under har eg fått takka vere sjøkaptein Roy Lillebø som inviterte ein annan sjøkaptein, Ole Johan Riise, og underteikna med på ein svært fin båttur på Hjørundfjorden.  Tusen takk for turen.

Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Hurtigruten II 007 copy Hurtigruten II 029 copy
Lekneset nærmar seg Stålberghornet i bakgrunnen

Hurtigruten II 017 copy
MS Lofoten til venstre, MS Hjørundfjord til høgre.
Hurtigruten II 052 copy Hurtigruten II 047 copy
MS Hjørundfjord har kome på plass for
å frakte
passasjerar til land på Urkekaia.
Sjøkaptein Ole Johan Riise har også frakta mange passasjerar på Hjørundfjorden -
som skipper på
MS Rødhette.
Hurtigruten II 044 copy
Eit vakkert skip frå alle kantar.
Hurtigruten II 071 copy Hurtigruten II 075 copy
Torbjørn Urke(t.v.) og Olav Klokk var dagens
guidar på Urke.
Ein treng ikkje vere sjøkaptein får å vere småbåtførar, men Roy Lillebø er det likevel.  Takk for turen