Sist søndag var ein flott dag og kanskje det kan være litt kjekt å sjå litt frå dei bilda som vi tok på ein fin tur til Grøtdalstinden, også frå gammalt kalla Supatinden. Portalen har nok mange bilder herifrå desse fjella, men ikkje akkurat denne dagen, så eg legg ut nokre.

Vi starta på heimsætra i Frølandsdalen og gjekk oppi i "Bjønndalen" (lokal uttale) skrivemåten er nok Bjørndalen, men eg brukar den lokale varianten her.

IMGP3463_1 IMGP3466_1
"Bjønndalen" med Stokkehornet og Bondalen bak Grøtdalstinden låg der klar for oss. Der var mange som besøkte tinden denne dagen.

IMGP3468_1

Telelinsa måtte fram, og eit sveip over horisonten ser ein av "næringslivtoppane" våre i arbeid med mobiltelefonen i handa, eller er det GPS?

IMGP3471_1

Før sjølve oppstigninga til toppen ser ein rett ned i Grøtdalen.

IMGP3480_1

Men utsikta på sjølve toppen er heilt konge. Her ser ein mot aust, der Sæbø og Norangsfjorden er senter.

IMGP3486-1_1 IMGP3513-1_1
Mot sør ser ein Kvistad med Kvistaddalen mellom Kollen og Årsethornet. Med litt tele ser ein heilt inn på Kvistadsætra

IMGP3479-1_1

Bak mellom Storhornet og Kollen stig opp kongen sjølv -Skårasalen. Breen i Moajølet er rekordstor i år

IMGP3497_1

Snur ein seg nordover ser ein utgjennom Hjørundfjorden og Molaupen. Rett fram er Sylvkallen, Dalegubben og Lisjedalshornet.

IMGP3495_1

Og vestover ser ein dei to andre Grøtdalstindane med Blåtinden bak, og ein skimter Follestaddalen til venstre.


P1020359_1

Og sørover, Bondalen mot Rekkedal og Snørhornet.

IMGP3508-1_1

Og tilslutt, eit telelinsebilde frå sjølve sentrum.


Håper det smakte :-)


Helsing Sondre og Ivar

(alle bilda kan klikkast på for stor størrelse)