Her i Bonalen og Hjørundfjorden har trimgruppa i Sæbø IL arrangert trimturar måndagskveldane i fleire år. Kvar ein måndag gjennom heile sommarhalvåret har turane vorte avvikla uansett kva for vêr ein har hatt.  Og ikkje berre har turane blitt avvikla - same kvelden/natta har vi kunne lese om turane og sett flotte foto av både deltakarar, natur og kanskje eit fuglereier av eit eller anna slag.  Eg trur ingen vert fornærma om eg dreg fram Bodil Skare som den viktigaste eldsjela i Sæbø IL si trimgruppem, ho gjer ein utruleg innsats.

Bladet 061 copy
Bodil og hennar kjære Rolf Egil (Rolfen) Riise på Mohns Topp. Hjørundfjorden
til
venstre.

Førre søndag viste Eskil Rønningsbakken fram sine balansekunster på den vidgjetne fjellnåla Bladet.  Fleire tok den lange turen frå Melbusetra i Barstadvika, opp i Molladalen og vidare opp Mohnsrenna til Bladet.  Og kven var ein av turleiarane?  Sjølvsagt var det Bodil Skare.

Etter at oppvisninga på Bladet var avslutta tok Bodil og Rolfen ein romantisk tur oppom Mohns Topp.  Rett nok vert denne toppen rekna som ein klatretopp, men det sette ikkje noko hindringar i vegen.  Etter turen fekk dei to også tid til ein tur opp på Bladet - ja, til topps.  Bladet er ein kaltretopp, grad 4.  Det er berre å ta av seg hatten  for Bodil.  (og capsen for Rolfen)

Bladet 058 copy Bladet 064 copy

Til venstre:  Rolfen og Bodil snart på Mohns Topp.  Til høgre er toppen erobra.  I bakgrunnen kan vi sjå m.a. Kolåstinden.

No må det nemnast at det var ein av dei 5-6 som tok turen til Mohns Topp denne dagen som spurde om dei to var gift.  (Nei, det var ikkje underskrivne denne gongen) Eg veit ikkje om han fekk skikkeleg svar, men Rolfen var raskt uten med svaret:  - Eg har i alle fall spurt.

Diverre hadde fotografen litt knapt med tid så eg fekk ikkje tatt foto av dei to på toppen av Bladet, men eg ser ikkje vekk ifrå at balansekunstane deira var minst på høgde med Rønningsbakken sine.  Sjå foto under.

Bladet 029 copy
Eskil Rønningsbakken på toppen av Bladet

Bladet 040 copy
Tøffare enn Spiderman, nesten like tøff som Bodil og Rolfen

Bladet 048 copy Bladet 044 copy

Til venstre er Rønningsbakken på veg ned frå Bladet - på sin spesielle måte.  Til høgre ser vi Rønningsbakken på toppen av Bladet, Rolf Egil står på snøen under.  Ikkje lenge etter var rollene til dei to bytt om. Det er berre å gratulere både Bodil og Rolfen med turen opp på Bladet.


Bladet 045 copy
Men dei fleste av oss var nøgde med å sjå på...

Takk for turen.