Det møtte opp godt med medlemmar frå grendalaget, innbodne gjestar og fleire til...

Rundt 50 alt i alt var på samkomet som var i regi av Stavset og Ytre-Standal grendalag.

avduking2

Fyrst på programmet stod grilling - eit betre måltid av brosme og laks. Så var det høgtideleg avduking av godt motteke ny livredningsbøye frå Tryg på kaia og opning av historisk utstilling i kaihuset. Til slutt var det kaffi og drøsing oppe i Nilsgardsløa.

Opning og avduking var ved grendalagsleiar Anja Standal.

Støtte frå fleire

Innbodne gjestar til arrangementet var Marine Harvest sine tilsette på settefiskanlegget som ligg på Ytre-Standal.

Det vart retta ein særskild takk til Marine Harvest. Selskapet og dei tilsette på Ytre-Standal har blant anna gitt gode hjelpande hender og støtte i arbeidet med å halde i stand kaia.

Til arrangementet stilte Marine Harvest også med laks for grillen.

Inne i kaihuset er det no sett opp benkar og pussa opp.. Her held arbeidet fram, men det er fritt fram for å ta seg ei kaffepause i bygget om du kjem til kaia.

Tiltaka på kaihuset vil seinare verte fulgt opp med å få til ein meir permanent løysing for grilling og noko av veggane treng meir støyp.

Utstilling og sjølve oppussinga har kome i stand blant anna takka vere tilskot frå Sparebanken 1 Søre Sunnmøre i år.

Frå historia

  • Fyrste forsøket med skikkeleg kai på Ytre-Standal var i form av ei trekai rundt 1. verdskrig.
  • Karane hadde vore i Molaupstranda og henta seg ospestrongar til formålet og laga den så langt ut som det hadde mot til.
  • Trekaia braut sjøen raskt ned (ca. 1920).
  • Fleire av karane i grenda hadde lært seg god murteknikk etter å ha delteke i oppattbygginga av Ålesund.
  • Med innleigd dykkar Ole-Nes (truleg) tok arbeidet med ny kai til og denne stod klar i 1932.
  • Den nye kaia letta tilkomsten. Det vart slutt på legge ut med ekspedisjonsbåt midtfjords for å klatre ombord i rutebåten.
  • Kaia og kaihuset vart den store børsen og møteplassen.
  • Kaia var mykje i bruk heilt fram til rutetrafikken tok slutt på midten av 60-talet. Då opna vegen ut Hjørundfjordstranda.

Ustilling i sommar

Utstillinga i kaihuset vil verte ståande framover. Det er berre å ta turen innom.

Sjå også

Grendalagssidene

Facebook-gruppa til grendalaget (som du gjerne må like!)