Silje og Martha 005 copy
Silje Riise (t.v.) er sjefen i kiosken til Hjørundfjord camping på Sæbø, men
ho og Martha
Riise samarbeider godt og tek godt imot alle som stikk innom.
Begge er i alle fall gode
representantar for heile Hjørundfjorden

Bryllaup, festival, hotellopning, laksefiske, handel, blide folk, eit fantastisk vêr - kan ein ha det betre enn i Hjørundfjorden på slike dagar?

Enno er helga på ingen måte over, men allereie no kan ein seie at Trandalblues på Trandal igjen har vore ein stor suksess.  Fredag ettermiddag opna Nye Sagafjord Hotell på Sæbø dørene.  Alle ledige rom var vekktinga lang tid på førehand - og alle som var innom let seg imponere over kor fint hotellet hadde blitt og over den gode servicen også der.

I Bondalselva har også laksefisket vore godt og Strands bakeri vart kort og godt utseldt for dei ferkse bakarvarene.  Mange meiner kort og godt at det beste med Sæbø desse dagane er at det er råd å få kjøpt seg både ein kopp kaffi og ein matbit fleire stadar.  Vi kjem nok attende med fleire saker, men under finn du nokre foto frå fredag og laurdag i Hjørundfjorden.  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjonAlle foto:  Knut Hustad

Trandalblues, Sæbø 076 SommarSæbø 037 copy
Nilsbuda har,  fortent, i løpet av kort tid vorte eit populært samlingspunkt.  Prøv ein kopp kaffi og ei svele under parasollen.  Heilt til høgre, ved det gamle kommunehuset/
kai
huset, finn du gjerne hamnefogd Thomas
Hustad rett
utanfor inngangen til Galleri Taklo.

SommarSæbø 022 copy SommarSæbø 018 copy
Fredag ettermiddag fekk Kjell Magne Pedersen seg ein fin laks på ca. 6 kg.  Wolfgang Lemke(t.h.) var klepparen/hovaren.  Det er mange som har fått laks i Bondalselva siste dagane.

Trandalblues, Sæbø 083 copy
I ei lengre periode har manga arbeidt knallhardt for å få det meste ferdig til opningshelga.  Då er det også kjekt å sjå at resultatet har blitt så godt som vi ser her. Fotoet er frå området ved inngangspartiet.

Trandalblues, Sæbø 088 copy
Nye Sagafjord Hotell sett frå sør. Båt i den nymudra hamna og god mat og drikke på terassen - kan ein ha det betre?

Under finn du nokre foto frå Bluesfestivalen på Trandal opningsdagen.  Ein kjempedag - for oss som var tilstades.

Trandalblues, Sæbø 009 copy
Flott vêr, god temperatur, fantastisk musikk, hyggelege folk.  Slike dagar... syng gruppa Baarelaget om.  Vi treng ikkje seie meir.

Trandalblues, Sæbø 014 copy Trandalblues, Sæbø 033 copy
Dana Fuchs og Vidar Busk var dei største trekkplastra fredagskvelden.  Dei skuffa ingen av oss som tok turen til Trandal denne vakre julikvelden.

Trandalblues, Sæbø 020 copy
Mange kombinerte også Trandalblues og opninga av Nye Sagafjord Hotell.