Årskogstøylen, Høgereset, Bjønnalauget, Hytta og Holekonevatnet vart måla denne gongen.

Dei som var med var: Inger, Janne, Kanutte, Kari, Ann Helene, Bente, Marit, Anette, Alvhild, Bernt Arve, Wenche, Monica, Rune, Espen, Andrea, Andreas og Bodil

Nokre er ikkje med på ingressbildet.

010

Wenche, Monica og Bernt Arve oppe ved Holeelva, allereide her ser du korleis snøraset som gjekk i vinter har sopa vekk skogen.

Før såg du ikkje elva herifrå av skogen.

 

 

011

Marit og Rune med elva i bakgrunnen, du ser nedover mot Holen

 at breidda på elva er mangedobla.

012

Oppover ligg tre og mange er vekk, eit nytt og opnare landskap kan ein trygt seie.

013

Kari og Kanutte på kanten av stupet, det er bratt ned mot elva her.

014

Kari og Kanutte litt lenger oppe , her ligg trea langflate.

015

Oppe ved elva var eit orerøde som sjerma for sola,

 dette er velta av Dagmar og kappa i fine sittekubbar av Kari.

Det meste av greinene har Kari rydda vekk så elva renn friskt no.

Dagmar rota og Kari ryddar.

 

016

Anette og resten nermar seg elva.

017

Anette, Inger, Ann Helene, Andrea og Anndreas endeleg oppe ved elva.

019

Litt friskt vatn og ein aldri so liten dukkert fekk desse to tid til.

020

Kari , Marit og Bente prøvesit sessane.

021

Alvhild tek seg ein sjokoladebit, det er godt.

022

Så bers det vidare mot Årskogstøylen.

023

Andreas og Andrea fekk sjokolade i løn for strevet då dei nådde Årskogstøylen.

024

Me andre tok og ein liten kvild, andre gjekk raskt vidare,

 du kan skimte "haren" vår i bakgrunnen.

025

Anette spanderar rasande god milka tysk sjokolade på kvar tur,

 er det rart vi møter opp kvar måndag?

026

Denne flokken vinka farvel til oss som fortsette mot Høgereset, takk for laget .

Knut hadde heve seg rundt og kom etter i eit forrykande tempo på veg opp.

027

Kari og Alvhild traska seg vidare i råsa.

028

Holeelva er framleis mykje snøv i, og alvorleg

 mykje stein og grus har vore i bevegelse her oppe.

029

No er Høgereset i sikte, ikkje langt att.

030

Bjønnahiet ligg under denne steinen her,

 saudane går nær so bjønnen er vel på ferietur.

031

Høgereset i himmelsjå med Wenche i siluett.

032

Monica skriv seg i boka, det bles godt på Høgereset.

033

Vi måtte ein liten tur bortom Bjønnalauget, her ligg framleis snøbreen i vatnet.

037

Vi tok å søkte ly inne i hytta, der var det lunt.

Knut, Wenche, Monica, Bodil, Kanutte og Rune.

041

Samla utanfor hytta før vi gjekk nedatt, oppstilling rrrrett!

042

Nokre av oss gjekk via Holekonevatnet nedatt, der var nok fullt med snøv,

 Rune og Bernt Arve kikar forbausa over kanten.

048

Enorme snømengder,og mykje vatn, det gjekk ikkje an å bade i dag.

051

På vegen ned vart vi oppmerksome på skiltet til råsa mot Aklestad,

 her er nok råsa borte vekk av snøfonna, tru om vi kan finne ny til neste år?

052

Blåbæra er modne nederst i dalen, og dei var fortryllande gode.

Takk for laget alle som var med på turen langt eller mindre langt, vi hadde fint vèr og varm vind heile tida.

Neste gong er det Klokkura og Tryvatna som er målet,

 dette vert ein del av programmet til Naturfestivalen.

Vel møtt.

No er programma komne til butikkane på Sæbø så skund deg og få eit ,

 bli med på ei turfyllt veke med mykje ulike tilbod.