Jonsok 001 copy
Etter orkanen "Dagmar" sine herjingar natt til 2. juledag, må Arne Gjerde ta ut mykje granskog.

Arne Gjerde arbeider til dagleg med skog sjølv, han ryddar skog m.a. for Tussa og Statens Vegvesen, og er  såleis vand med å handtere ei motorsag.  Likevel forstod han raskt at det måtte moderne skogsmaskiner til for å få ut 3000 m3(!) skog innan akseptabel tid.  I desse dagar er skogsentreprenøren Næsbø Skog AS , i samarbeid med skogeigarane på våre kantar sin interesseorganisasjon, Allskog, i ferd med å ta ut den stormskada skogen hos Gjerde.

Dei siste månadane har Næsbø Skog AS, som held til på Hegra i Sør-Trøndelag, hatt to hogstmaskiner i drift i Ørsta/Volda-området i tillegg til tre lastberarar og ei gravemaskin.  Det er Arnfinn Næsbø, ein av to brør som eig Næsbø Skog AS, som  sit bak spakane i hogstmaskina hos Arne Gjerde.  Hogstmaskina har  så stor kapasitet at det må to lastberarar til for å køyre unna.  Det er Magnus Flaat og Magnus Staurseth, også frå Hegra, som driftar desse maskinene.  Dei tre jobbar lange dagar, 12-13 timar, 14 dagar i strekk, så tek dei seg ei veke fri.

Skogsmaskiner 021 copy
Med denne store og moderne skogsmaskina greier skogsentreprenør Arnfinn Næsbø å ta ut ca. 300 m3 ståande skog per dag.

Skogsmaskiner 018 copy Skogsmaskiner 005
Til venstre ser vi skogsmaskina i arbeid ovanfor garden Gjerde.  Til høgre ser vi at den same maskina legg tømmeret fint til for seg og granbaret for seg. 

Skogsmaskiner 028 copy Skogsmaskiner 023 copy
Magnus Flaat(t.v.) og Magnus Størseth køyrer dei moderne lastberarane (dei har ein kapasitet på 15-17 m3/lass).  Til høgre ser vi sjefen - Arnfinn Næsbø.

Arnfinn Næsbø har hatt sitt arbeid på ei skogsmaskin i skogen sidan 1986.  Han har såleis rikeleg erfaring og klagar heller ikkje på arbeidsforholda firmaet hans har hos Arne Gjerde:

-        Arbeidet har gått akkurat like godt som vi trudde på førehand.  Rett nok er her nokre parti som ligg litt bratt til, men ved hjelp av gravemaskina får vi  laga ein såpass god køyreveg at vi skal få ut den siste resten med skog høgst oppe.

-        Men eg forstår at det var meininga å lage ein skogsveg først for dette arbeidet tok til.  Saknar du ikkje denne vegen?

-        Nei, her greier lastberarane fint  å ta seg fram. Vi ”asfalterer” køyrevegane i skogen med granbar og dermed greier maskinene å ta seg fram på ein grei måte sjølv om her er ein del stein.  Det er også ein fordel at  køyreavstandane er korte. 

Arnfinn Næsbø opplyser også at firmaet hans skal ta ut heile 40.000 m3 frå Ørsta/Volda området før dei avsluttar oppdraget for Allskog, truleg ein gong i september.   Næsbø strekar under at slett ikkje all denne skogen er stormskada, men for å kome fram til dei stadane ”Dagmar” gjorde skade, må også uskada skog hoggast.

-        Her hos Arne Gjerde tek vi no også ut svært mykje skog som held ein høg kvalitet og som er lenger komen enn dei fleste rekna med på førehand.  Mykje av skogen er kort og godt hogstmogen, avsluttar han. 

Skogsfolket 002
Skogeigar Arne Gjerde, heilt til høgre, kan handtere ei motorsag, men meiner likevel at det er best å leige inn skogsmaskiner når så mykje som over 3000 m3 skog skal fellast.

Dei som tek turen rundt Dalsvatnet i Bjørdalen, eller ein køyretur frå Vatne til Aldalen,  vil sjå at det er store mengder skog som er høgt allereie.  Men Næsbø Skog AS er likevel knapt halvferdige med oppdraget sitt.

Arne Gjerde opplyser at skogen som no vert hogt i området og som kan brukast til material, såkalla skurtømmer, vert selt til Tyskland og frakta ut med skip frå Ørstaterminalen.  Han er litt usikker på når tømmeret vert køyrt til Ørsta p.g.a. vektrestriksjonar på dei kommunale vegane og manglande lagringskapasitet ved terminalen, men han har fått forståing av at det vil skje innan ikkje alt for lang tid.