Jonsokmoro!

Vi bestemte alleireide i fjor at ettersom jonsok vart på ein laurdag i år, skulle vi prøve å feire til seters.

Vi hadde store voner om fint vêr, for det måtte nok avlysast dersom det vart regn.

Forrige helg hadde vi dugnad og laga til bålet, einene er rustfarga og mange i talet, så etter ein iherdig aksjon hadde vi bålet klart.

Ein grill som skal vere der permanent, vart oppmura, så no var det berre å håpe på godt vêr.

Dagen kom, å du og du kor fint det var, vi møttest litt før klokka var fem for å lage langbord og rydde litt rundt på støylen.

003

Kjell Arne og Torill svinga riva ved langbordet.

004

Rolfen "barberte" bort graset, so det vart rett flott.

016 

Lurvetog i fantastiske omgjevnader, Ragna, Mikkel og Alexander fremst med musikk og trommer. alle me andre sang med og rusla etter.

Vi gjekk til styggebrauta og oppatt, til glede for "hyttefolk" på Verandaen.

019

Eskil og Nikolai i flotte kostymer.

021

Birk i Cowboykostyme, med gravemaskina trygt plassert på faren, Jan Ove sitt hovud.

022

Etter toget er det fast tradisjon med "raning" av Ragna sin godterihatt, alle dei minste får forsyne seg med snop frå hatten, og dei kan få ein sprut frå lurenasa til Ragna på kjøpet.

007

Her er Iver som løve.

010

Alexander i sjølvsydd kostyme og med tromme.

011

Gitaristen Mikkel som Deadmouse.

031

So var gildet igang, med grilling, god mat og drikke, triveleg prat mellom kjekke folk.

032

Mange tok turen denne dagen, vi hadde aldri tort å håpe på at det skulle verte so triveleg.

Det var kjempekjekt for store og små. 

029

Godt og vel seksti personar feira på Støylen denne dagen, det var plass til alle, og vi fekk nokre opplevingar og minner for livet.

025

Hesteskobana var flittig i bruk, mange hadde dreisen på kastinga.

028

Djup konsentrasjon av Mathias, Tommy og "narren" Rolfen føl med.

024

Marit leika i lag med Adele og Birk.

023

Rundt grillane var det folksomt,Dei fungerte godt og maten vart god,

 og kapasiteten var det ikkje noko å klage på.

033

Når klokka vart åtte, kom hettene på, då starta myggen å sverme.

Då var det på tide å tenne bålet.

034

Halvard var tennesjef, og mange av dei yngste ville hjelpe til.

036

Nei, det er ikkje eit bilde av Nikolai Astrup, men frå jonsokebålet i full fyr.

Bålet brann godt, og vi kosa oss i sola nokre timar til, ho gjekk ned 2215.

038

Eit bilde teke frå fonnvollen, der var det fin oversikt.

Etter bålet hadde brunne ned fortsette vi feiringa til langt på natt, nokre reiste heim og andre sov på setra.

TUSEN TAKK TIL ALLE SOM VAR MED Å GJORDE DETTE TIL

 EI JONSOKFEIRING VI ALDRI VIL GLØYME.

Det vert nok ei stund til neste jonsokaft vert på ein laurdag.