Fredag morgon klokka 0600 opna årets laksesesong i Bondalselva.  Omtrent 20 minutt seinare hadde Harald Byrbotten landa den første fisken - ein laks på 4,0 kg.  Han fekk laksen i osen på ei sjølvlaga fluge.

Måsar og laks 014 copy Måsar og laks 018 copy
På foto til venstre ser vi Harald Byrbotten nærast sjøen.  Fotoet er teke like før laksen beit.  Nærast ser vi kollega Bjørn Hovden frå Stad.

Det var ikkje mykje sommar i lufta då laksesesongen starta.  Ved Kvistadbrua var det berre fem grader klokka 06.  Sjølv om det vart teke fem laksar i morgontimane, ein så langt framme som rett nedanfor Årsetelva, var det likevel ei labrare opning enn fiskarane hadde vona.  Nokre nemnde nettopp den låge temperaturen som årsak til det.

I Aklestad si sone var Ståle Walseth som vanleg på plass då fisket starta, men sjølv om han hadde god tru på si nye, koparbrune Møresild, ville laksen ikkje bite før klokka 07, slik som han gjorde i fjor.  Men Ståle har enno trua og er nok snart på plass i elva igjen.

Måsar og laks 015 Måsar og laks 016
Møresild og den nye, syntetiske supermakken, er Ståle Walseth sine favorittagn.

Måsar og laks 022 copy
Harald Byrbotten med den første laksen for sesongen.

Harald Byrbotten har no fiska i Bondalselva i 14 sesongar og det var altså han som fekk den første for året.  Men etter at fotoa over er tekne har han no fått to laksar til - den siste no i kveld.  Det var ein flott hanlaks på ca. sju kilo.  Også den fekk han på fluge i osen nedanfor Hustadbrua.

Måsar og laks 023 copy
Bjørn Hovden frå Stad (t.v.) og Harald Byrbotten var begge på plass i Bondalselva klokka 06.  Og begge har no, laurdagskvelden, fått fisk.  Hovden ein laks på 3,5 kg, Byrbotten har fått tre(!), den største på ca. 7 kg.  Hovden har forresten døypt godfluga til Byrbotten for "Laksedreparen".