Urke Grendalag får støtte til merking av fjellturar og turløyper

Beløpet skal fullfinansiere utgiftene til merking og startpunkttavle til tre større fjellturar og to turløyper med utgangspunkt i Brua-parken på Urke. Eigeninnsats utgjer resten av kostnaden på tils. 42.000 kr.

Nordangfjord 2

Norangsfjorden med Urkebygda nedst på biletet. Biletet er teke frå Saksa. Saksa er eitt av fjella som går inn i den nye skiltplanen. Foto: Are Urke

Dette graderings- og merkingsarbeidet går inn i ein omfattande plan som er utarbeidd av Den Norske Turistforening. Systemet følgjer internasjonale standardar med tanke på vanskegrader i ulike fargar og  ei standard skiltutforming.

Skiltplanen som grendalaget har utarbeidd, tek sikte på å utforme ei startpunkttavle som vert montert inne i eller på utsida av informasjonsbua på Brua-parken. Her skal det vere kart og omtale av dei tre fjellturane og dei to trimturane. Det skal opplysast om vanskegrad og tidsbruk, saman med annan relevant informasjon.

Eks. på skilt

Dette er eit litt eldre eksempel på dei grønfarga skilta som skal brukast ute i terrenget. Dei nyaste skilta skal og ha eit farga symbol (person med ryggsekk) i ein farge som viser vanskegrada. Skilta som vert sett opp heretter skal følgje siste standard - frå 2012.

Dei tre fjellturane  - med vanskegrad raud – skal vise veg til Saksa, Råna og Langsæterdalen med Slogen og Patchel-hytta.

Dei to turløypene – med vanskegrad grøn – syner ein 2,5 times tur til Haukåssætra, kraftverkdammen med retur til bygda. Den lettaste turen går til Stølen og er unnagjort på knapt ein time. Her må ei bru over elva fullførast. Dette har Tussa Kraft lova å finansiere.

Det vert sett opp 12-13 pilskilt som viser retninga ein skal gå. Skiltinga er ikkje så omfattande at ein kan kutte ut turomtalar som vi kjenner i t.d. ”Fotturar på Sunnmøre” saman med gode kart.  Det er framleis den enkelte turgåar som sjølv har ansvar for å ferdast trygt i fjellområda. Urke Idrettslag er nemnt som ein aktuell aktør til monteringsarbeidet.

Grendalaget ser fram til eit godt samarbeid med både Ørsta kommune og Destinasjon Ålesund –Sunnmøre.