Det var Sunnylven som åpna best på Sæbø stadion mandag kveld, Sæbø fekk til svært lite og var heldige som ikkje låg under tidleg. Men sakte men sikkert kjempa laget seg inn igjen i kampen, og både Svein Ivar Moltu og ikkje minst Øystein Frøyland burde ha gitt laget leiinga etter store sjansar, den største small på undersida av tverrliggaren etter ein corner. Men så fekk Sunnylven tildelt eit svært billig straffespark, og rutinerte Bård Forbord scora sikkert. Resten av omgongen kontrollerte Sunnylven kampen uten at dei store sjansane blei skapt.

I andre omgong blei Yngve Frøland flytta fram som spiss ilag med Svein Ivar Moltu. Dette gav laget meir tyngde framover på bana, dette førte til at Sæbø var mykje meir med enn dei var i første omgong. Og midtvegs i omgongen utlikna Svein Ivar Moltu fortjent då han krangla ballen i mål etter mykje fram og tilbake i feltet. Etter dette var det stort sett jamnt, kanskje med Sunnylven som det farligaste laget. Dei tok og leiinga omlag ti min før slutt. Ein Sunnylven spelar fekk avslutte, det blei redda på streken av ein Sæbø spelar, men returen kunne ein einsam Sunnylvspelar trille enkelt i mål. Sæbø la etter dette om til tre mann bak, og like før slutt fekk Espen Frøland drømmetreff, men keeperen til gjestane fekk så vidt fista ballen til corner. Corneren blei det desverre ingenting anna ut av enn eit frispark til Sunnylven.

Ein svak første omgong av Sæbø, litt bedre i andre omgong. Men laget må heve seg mykje skal dei vere med å kjempe om opprykk til hausten.