Rundtur med Nakkenakken i sentrum.

Vi var ein liten gjeng på fem som samkjøyrde til parkeringsplassen i eit nokså surt vêr.

Vi trudde nok ikkje at det var fleire som rykte ut til denne turen, men så feil kan vi ta.

001

Kari, Torill, Eldrid og Haldis i fulllt drev utover turløypa frå Bondalseidet heisstasjon.

Vi tjuvstarta nok eit par minutt før tida, for litt bak såg vi Ståle og Ingebjørg kome,

 så vi stoppa og venta til dei nådde oss att.

003 

Litt uti mot Nakkeløypa var det framleis skiføre,

 men det gjekk også å gå ved sida av snøven.

Torill, Kari, Haldis, Eldrid, Ståle og Ingebjørg.

005

Denne brua har nok sett sine beste dagar,

 men når ho toler ei trakkemaskin toler ho nok oss.

 No fekk vi telefon om at Marit var på veg,

 så vi slakka ned tempoet så kunne nå oss att.

006

Ein gjeng som ikkje er redde for regn, godt vødde for tur i våtsamt terreng.

007

Der vi nerma oss høgda mot Nakkenakken såg vi i ei gul jakke rett bak oss på attelega, Marit hadde nådd oss att i rekordfart.

008

Då var vi brått ein bra gjeng som nerma oss toppen av Nakkenakken.

009

Siste bratta opp mot toppen, fint å gå i granskogen når regnet tok seg ei skikkeleg byge.

010

Ingebjørg, Ståle, Torill, Eldrid, Marit, Kari, Haldis og Bodil.

På toppen av Nakkenakken.

012

Åmdalen i all si prakt var ikkje så godt å få auge på når skodda og regnelingane sto på som verst, men vi kan love at utsikta er eit syn i fint og klart vêr.

013

No skulle vi ned på framsida på Nakkenakken, fin rås gjennom skogen.

014

Her er vi oppstillte på den gamle brisingeplassen på Nakkenakken,

 då lyste bålet for heile dalen, ja like til ørsta.

015

Vi gjekk gjennom øvstenakken før vi runda opp mot Bondalseidet att, her kom vi over eit skikkeleg hjortespa.

016

Hit eit steg og dit eit steg, hoppa vi på tuene i våtmark før vi kom på rett skogsveg att.

018

Vi fekk studere traseen til 420 kw linja, og den mykje omtala trafostasjonen, før vi rusla oppover mot heisstasjonen att.

Her hadde "Dagmar" lagt ein bom over vegen.

019

Siste etappe på skogsveg før vi kom inn på turløypa til slutt.

Fin rundtur, med mange mulegheiter til ulike turar i mange retningar, anbefalast helst i tørrare ver.

Vi takkar for fyljet , ein sprek  gjeng,kjekke og blide.

Neste måndag startar vi opp med dei ordinære måndagsturane våre.

Lista over desse turane framover sommaren kjem neste veke, følg med.

Då vert det tur på Gamlevegen frå Villane, oppmøte kl 1800.

VEL MØTT!